Jula er sungen inn!
/Søndag 13. desember vart det arrangert "Vi syng jula inn" i Fogn kyrkje. Salen var rimeleg stappfull av folk som hadde kome for å høyre barnekoret TøfFOGNådig, Fognakoret med solistar, Jenny Graadahl og siste nytt frå misjonsprosjektet ved Jostein Gard. I tillegg var det jo eindel fellessongar, slik at alle fekk bidra til å nettopp "syngje jula inn".
Det vart ei flott samling med masse fin song og noko som grensa opp mot julestemning for mange! Etterpå var det kyrkjekaffi i kjellaren, der det også kom eit Luciatog av born, for i år fall denne tredje sundagen i advent på sjølvaste Luciadagen!
Under er nokre bilete frå samlinga: