Nissebesøk og graut på butikken!
/Laurdag 12. desember inviterte Fogn handel til julegraut i butikken sin lagerbygning. Mange møtte opp, særleg rundt klokka 12.00, då det var varsla at sjølvaste julenissen skulle koma på besøk! Og plutseleg sto nissen i døra med ein sekk full av overraskingar til borna! Han tok raskt plass i den spesiallaga "stolen" av halm, og borna fekk kvar sin godtepose etter ein liten samtale med nissefar der tema var om dei hadde vore snille i år eller ikkje... Elles kan det nemnast at julenissen snakka ei salig blanding av trøndersk og nord-norsk, og ein trengte nok ikkje å vera rakettforskar for å forstå kven som skjulte seg bak det kvite skjegget...
I tillegg til graut og nissebesøk var det sal av juletre denne dagen. Mange hadde forhåndsbestilt tre, og det var også fleire som kjøpte tre på laurdag, så det spørs om ikkje dette er ei ordning som er kome for å bli!
Under er nokre bilete frå den kjekke "seansen":