Nye ferjeruter på trappene - høyring
/Det er utarbeida eit nytt forslag til ferjeruter som i utgangspunktet skulle tre i kraft når Sandsfjord bru opna. No har det seg slik at denne brua opnar alt førstkomande fredag, og det er nok lite truleg at nye ferjeruter er klare alt då. Det som vi heller kan rekna med er at dei nye rutene vil tre i kraft ein gong på våren, då dei er sendt ut med høyringsfrist 15. januar.
Det står ein artikkel om dei nye ferjerutene på Aftenbladet sine nettsider. Denne kan de lesa ved å klikka HER.
Dei nye rutene kan du klikka på og sjå lenger ned i denne saka. Dersom du har innspel og forslag kan desse tas direkte med leiar i grendalaget, Kristoffer Østhus, på mail: kristoffer@osthus.no. Grendalaget vil deretter behandle denne saka og kome med ei uttale overfor fylket knytta til forslaget til ferjerutene.
Klikk på dei aktuelle rutene under:
Forslag ferjeruter måndag til laurdag
Forslag ferjeruter søndag