Klart for den 11. salsmessa i rekka!
/Vi har passert midten av november, og det må vere lov å seie at det nærmar seg jul! Eit sikkert teikn på at høgtida nærmar seg, er at det i helga vert arrangert salsmesse, også kalla julemesse, på Erås museum. Malvin Sandanger fortel at dette er den 11. salsmessa i rekka, og at det også i år kjem mange forskjellige utstillarar/seljarar. Messa varer frå klokka 11.00 til 15.00, så her har ein tid til både "shopping", drøs og noko å bita i!
Erås museum er arrangør, og ynskjer alle hjarteleg velkomne!