"Pizzasnurrekspressen" kjem i veke 47!

Det er ikkje kvar dag ein kan handle varm mat på Fogn, men frå tysdag 17. til fredag 20. november kan ein bestilla pizzasnurrar frå elevbedrifta som held til på oppvekstsenteret denne veka. Elevane, som går i 9. klasse, er til dagleg stasjonert på Sentralskulen på Finnøy, men denne veka er dei altså tilsette i eiga bedrift! Fogn.org har tatt ein liten prat med gjengen.

Vi møter elevane i foajeen på oppvekstsenteret, torsdag 12. november. Tidlegare på dagen har dei fått vite at dei har fått jobbane dei søkte på, i bedrifta som skal ha kantine nettopp her. Bedrifta har ikkje fått noko namn enno, men på spørsmål om dette kjem det kjapt frå marknadsansvarleg Karl Magne Frafjord: "Vi kan jo heitte: "Fogn - vi sel ikkje rogn", for rogn skal vi i alle fall ikkje selje..." Dette namnet fekk nok ikkje tilslutning i heile gruppa, så vi kan berre kalle dei "Pizzasnurrekspressen" inntil vidare, for det er nettopp pizzasnurrar dei skal slå seg opp på!

"Vi kjem til å ha ein variert meny for elevar og tilsette ved oppvekstsenteret. Dei kan handle hjå oss frå måndag til fredag (sjå menyen HER). Men for dei som vil bestille frå oss, så vil det gå i pizzasnurrar", fortel økonomiansvarleg Rebecka Bø Rolfsen. Ho kan vidare fortelja at ein kan bestille pizzasnurrar i posar a´10 stk til 150 kroner per pose. Bestillinga må skje innan klokka 14.00 dagen før, og så kan den hentast på oppvekstsenteret mellom klokka 12.00 - 14.30. Det er Karl Magne som tek imot bestillingar via telefon/sms på nr. 98 42 05 14. 

"Du må få med at vi kan levere varene på døra også, vi har jo syklar", seier Tom Arne Straumstein, før gruppa byrjar å diskutere kor mykje ein kan ta for sjølve leveringa, og hamnar til slutt på 50 kroner. Det vil altså seie at ein kan få 10 pizzasnurrar levert på døra for 200 kroner, noko som må kunne seiast å vera ein god deal! Levering på døra kan skje mellom klokka 12.00 og 16.30. 

Bedrifta består av elevane Rebecka Bø Rolfsen, Ingrid Marie Bøe, Marie Sofie Østhus, Karl Magne Frafjord, Tor Olav Bø Måkestad, Tom Arne Straumstein og Robin Torgersen.

Vi ynskjer dei lukke til, og håper at folk sluttar opp om det gode initiativet!