15. oktober er refleksdagen!

15. oktober er den nasjonale refleksdagen i regi av Trygg Trafikk og Statens Vegvesen. Barna i barnehagen og elevane i skulen på Fogn har alle fått utdelt ein fin refleks i dag, der det står "I am a star". Borna er stjerner, og med refleks lyser dei opp mest som ei stjerne når mellom anna lys frå bilar treff dei!

Ordninga med refleksdagen er 10 år i år, og det er nok ikkje utan grunn at denne dagen har vorte markert år etter år. Refleks er med og redder liv i trafikken, og Statens Vegvesen kan opplysa om at ein bilførar får i gjennomsnitt fem gonger lengre tid til å reagera dersom ein fotgjengar har på seg refleks i haustmørket, enn dersom han ikkje brukte refleks. Det vil seie at utan refleks vil ein bilist som køyrer i 50 km/t ha to sekunder på å unngå å treffa ein fotgjengar, medan han vil ha 10 sekunder på å unngå det dersom fotgjengaren har på seg refleks.

I 5.-7. klasse gjorde vi i dag eit lite eksperiment. Vi skrudde av alt lyset, trakk for gardinene og så tok vi eit bar bilete av elevane i mørket. Vi brukte blitsen på telefonen, og så skulle vi sjå om refleksane kom tydeleg fram på biletet. Som de ser på biletet over, er det tydeleg at refleksen viser godt igjen, samanlikna med alt det andre som er på bileta...

Trygg Trafikk oppfordrer også til å bruka mange refleksar, slik at ein blir sett både forfra og bakfra. Refleksvest kan vera vell og bra, men dersom borna har på seg skulesekk på ryggen, vil denne dekka mykje av vesten. Difor kan det vere ein idè å hengje ein refleks på sjølve ryggsekken.

I tillegg må dei av oss som køyrer bil, traktor og liknande vere ekstra på vakt no når vi går inn i "mørketida". Dette gjeld sjølvsagt heile døgnet, men vi på oppvekstsenteret vil minna om at skulestart er klokka 08.15 og skuleslutt er som oftast klokka 13.00 eller 13.55. Då er det fleire elevar som ferdast langs vegen, anten gåande, syklande eller medan dei går ut og inn av buss og bilar ved oppvekstsenteret. Då er det viktig å vise ekstra merksemd og syte for at ein ikkje har dårleg tid til eller frå ei ferje e.l.

Ha ein god, og strålande haust!

Håvard Østhus
rektor - Fogn oppvekstsenter