Fogn knuste Finnøy 2!

Fogn - Finnøy 2: 5-1 (1-1): Søndag 4. oktober var det klart for årets siste heimekamp for Fogn IL sitt a-lag, og det var Finnøy 2 som kom på besøk denne flotte haustdagen!

Det var Finnøy 2 som tok leiinga, då midtstoppar Erik Torger Johannesen sette ballen i nota for bortelaget. Denne stillinga såg lenge ut til å halda seg til pause, men like før halvtid utlikna Rasmus Robson Skartveit for heimelaget. Ei skåring som heilt sikkert smakte godt for Skartveit, som fram til i fjor spelte nettopp for dei raudkledte frå Finnøy.

Etter pause verka det som om det berre var eit lag på banen. Fogn viste fram flott angrepsfotball, og skåra ikkje mindre enn fire mål. Dei to første kom ved veteran Jakob Bø, medan Malvin Skartveit, også han tidlegare Finnøyspelar, sette dei to siste.

Dette referatet er skrive ved hjelp av rapportar frå Jørgen Bø jr, og Joar Sandanger. Sistnemnde har også skrive nokre ord frå supportarane etter den siste heimekampen:

"Supportarane takkar for ein flott 2015-sesong med masse god fotball, underhaldning, spenning og engasjement! Vi ynskjer lukke til med vintertreninga og kvilepausen,  og ser fram til ny sesongoppkøyring og seriekampar på Fogn stadion i året som kjem!"

Fogn kjem no til å enda på 4. eller 5. plass denne sesongen. Finnøy sitt A-lag tapte mot Riska 3 måndag kveld, så naboøyas beste menn ender på 2. plass i år. Finnøy 2 på si side ender på 7. plass, og nest sist i pulja.