Flott nyttårscup!
/Årets nyttårscup, som tidlegare år har vore ein romjulscup, gjekk av stabelen fredag 2. januar i gymsalen på Fogn oppvekstsenter. Påmeldinga var rekordstor, og heile 10 meir eller mindre komplette lag var klare til å kjempe om vandrepokalen. Etter 27 kampar, mange fine ballvekslingar, ein heil del engasjement og mykje skrik og skrål, var det laget med det kreative namnet "Vinnarlaget frå i fjor" som sto att som sigerherrar i finalen mot "Team Kjølvik".
I tillegg til mange aktive spelarar på banen, var det mange som tok turen for å vere tilskodarar, og desse skapte ei ekstra fin ramme rundt arrangementet!
Nytt av året var at resultata vart fortløpande oppdatert på ein TV-skjerm i foajeen. Her var det eit rekneark med kampoppsett, resultater og puljetabellar. Dei ekstra interesserte kan sjå dette reknearket ved å klikke HER.
Under er ein fyldig bildeserie frå cupen. Der kan de sjå bilete frå mykje av det som skjedde under sjølve cupen, og ikkje minst den heftige mengden konfetti som vart skoten ut då vinnarlaget mottok pokalen sin. Bileta er knipsa av Jørgen Bø, Karl Magne Frafjord og Håvard Østhus.