Berre for damer!
/Torsdag 12. februar vert det inspirasjonssamling i kyrkjekjellaren, og det er ei samling berre for damer, fortel ein av intiativtakarane, Monika Stensland til Fogn.org. Monika fortel vidare at samlinga startar klokka 19.00, og at temaet er Tro = Relasjon.
Christiane Weiss Tornes, psykiatrisk sjukepleiar frå Ålgård, deltek på samlinga. I tillegg kjem Gunn Berit Soldal og les eigne dikt. Elles vert det song, musikk, salatbuffet, kaffi og drøs!
Samlinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Normisjon og ei lokal gruppe beståande av Monika, Anne, Kjersti, Reidun og Unni, og damer i alle aldrar er hjarteleg velkomne til inspirerande kvinnefelleskap!