Ein prest frå Fogn!

Photo 18.01.15, 12.12.37.jpg

På søndag skjedde det noko som, mildt sagt, ikkje skjer så veldig ofte. Ein Fognbu vart ordinert til prest! No bur denne karen rett nok ikkje på Fogn lenger, men "ein gong Fognbu, alltid Fognbu"... Mannen det er snakk om, er Ola Aasland Vold, som vart ordinert i Domkyrkja i Oslo.

Fogn.org kontakta Ola og gratulerte med ordinasjonen. Vi gjennomførte også eit lite SMS-intervju med den nybakte presten, som viste seg å vera "rask på tommelen" og imponerte med utfyllande og raske svar!

Gratulerer med ordinasjonen!
Tusen takk for det!

Det er jo ikkje kvar dag folk frå Fogn vert prest, kjenner du til om det er andre enn  deg?
Hm... Eg kjem ikkje på nokon i farta. Det kan jo tenkjast at det finnest eit register med den slags informasjon, men eg veit i så fall ikkje kvar det er å finna... Men det er nok ikkje så sannsynleg at eg er den første frå Fogn som vert prest.

Det er ikkje godt å seie. Men no er i alle fall du blitt prest, kan du fortelje litt om vegen fram dit?
Ja, det er jo ei nokså lang utdanning. Eg har gått fem år på Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FIH) som heitte Fjellhaug Misjonshøgskole då eg byrja. Deretter gjekk eg eitt år på Praktisk-teologisk seminar (PTS) ved Teologisk Fakultet på Blindern, Universitetet i Oslo. På Fjellhaug hadde eg litt ulike typar praksis, mellom anna i Nordmarkskapellet og i Indonesia. På PTS var eg i institusjonspraksis i Forsvaret, på Sessvollmoen, og den meir avsluttande stiftspraksisen hadde eg i Ullern kirke.

Og no på søndag vart du altså ordinert. Korleis var ordinasjonsgudstenesta?
Det var ein flott dag! Mange sendte helsingar, og det var stor stas! Eg kjende at eg var nervøs når prosesjonen var forbi og eg sette meg ned, men det løsna ein gong kring 2. vers i inngangssalma: "Kom, du Guds kjærleik, kom".
Eg hadde preika i Gudstenesta, men når det gjaldt den var eg nok meir nervøs i dagane før. På veg opp til preikestolen var fokuset meir på det eg skulle seia enn på korleis det ville gå.

Og kva er planane framover då?
No for tida avtener eg verneplikt som feltprest. Så får me sjå kva det blir til hausten. Me kjøpte nett eit hus på Fiskå, rett over vegen for Marita (kona) sine foreldre, og planen vår er å ha det som base i Noreg medan me reiser ut som misjonærar, men det er enno ikkje heilt spikra korleis dette blir.

Flotte greier. Tusen takk for intervjuet, og lukke til vidare!
Tusen takk for det!

I galleriet under er fleire bilete frå ordinasjonsgudstenesta. Takk til Ola si søster, Ester Alida, for desse bileta!