Ørjan berga uavgjort i siste kamp!

Sunde 2 - Fogn: 1-1 (0-0). Alt før søndagens kamp i Kvernevik var det klart at dette vart eit slag mellom nr. 1 og 2 i serien denne sesongen. Sunde 2 leda nemleg med fire poeng på Fogn, som igjen hadde god klaring ned til laget på tredjeplass. Likevel var det knytta ei viss spenning til kampen, då Fogn ved å unngå tap ville klare å gå ubesigra gjennom heile haustsesongen. Og så er det jo alltid kjekt å avslutte med stil!

1. omgang var ingen stor førestilling av nokon av laga, og det var i grunnen ikkje veldig mykje å hverken skrive heim om, eller å skrive om i det heile, frå dei første 45 minuttene som enda 0-0. 

Kampen tok seg opp i 2. omgang, og begge lag byrja å produsera store sjansar. Heimelaget traff etterkvart tverrliggaren, og då ville ikkje bortelaget, representert ved Sondre Trå Sørheim, vere noko dårlegare. Sondre skaut via ein Sundeforsvarar og i tverrliggaren. Ballen gjekk rett opp, og så i tverrliggaren igjen, før det vart corner...

Om dette vart ein vekkar for dei gulkledde frå Sunde, er uvisst, men dei fekk nokså fort nettsus etter Sondre si avslutning. Først heada Sunde sin spiss inn det mange trudde var ledarmålet, men skåringa vart annulert for det som må ha vore ein hårfin offside. Ikkje lenge etter stal ein Sundespelar ballen nede ved dødlinja, og gjekk innover i feltet. Skotet hans vart redda, men returen hamna ute på omlag 15 meter, der ein av dei gulkledde fekk godt treff med høyrefoten, og ballen smalt inn i det venstre hjørnet bak Olav Østhus i Fognmålet, 1-0.

Heimelaget si skåring kom så seint som etter 80 minutter, og Fogn måtte difor satse framover for å ha håp om å få med seg eit poeng frå denne vanskelege bortekampen. Sondre vart flytta fram til dei nyinnbytta spissane, Tobias Sunde og Ørjan Bø Måkestad, og det var nettopp denne trioen som skulle sørge for jubel i den blå leiren! På ei kontring fekk Tobias sendt ballen vidare til Sondre, som kriga seg forbi eit par spelarar, før han spelte gjennom til Ørjan som kom på løp. Keeper nøla, og vart ståande på streken akkurat så lenge at Ørjan nådde ballen først, var iskald, og plasserte ballen høgt i mål til 1-1! 

Uavgjort vart også slutresultatet, noko som gjer at Fogn ikkje tapte ein einaste kamp gjennom heile hausten. I tillegg tapte dei berre ein bortekamp dette året, nemleg serieopninga borte mot Finnøy.

No er det framleis nokre lag som ikkje har spelt sin siste kamp i serien enno, men Fogn ender uansett på ein sterk 2. plass med 24 poeng. I tillegg tyder alt på at Finnøy ender på 5. plass, eller tredje sist som det også heiter, med sine 14 poeng. Fogn har altså all grunn til å vere godt nøgde med sesongen 2014!

Kampfakta

Mål: Ørjan Bø Måkestad
Assist: Sondre Trå Sørheim

Gult kort: Martin Østhus

Fogn sitt lag:

Olav Østhus
Martin Østhus
Sigve Bø
Ivar Opsal
Ørjan Klev Ladstein
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Lars Olav Bøe
Sondre Trå Sørheim
Håvard Østhus
Sergejs Kononov

Innbyttarar (alle benytta):

Johannes Hovda
Kristoffer Runestad
Ørjan Bø Måkestad
Vadim
Tobias Sunde