Avslutningsfest for Øydis!
/Fredag 3. oktober hadde Øydis Antun sin siste dag som rektor ved Fogn oppvekstsenter. Ho har vore rektor sidan sommaren 2012, og skal frå og med 1. november jobba som ny flyktningekonsulent i Finnøy Kommune.
Øydis sin siste dag som rektor måtte sjølvsagt markerast på oppvekstsenteret, og det var stelt i stand pizzafest i lunsjen. Føresette hadde bidrege med knallgod pizza, elevar leia samlinga og hadde laga ei minnebok frå ungane, og den avtroppande rektoren fekk gåver og godord frå både personalet og foreldregruppa. På toppen av det heile hadde Øydis sjølv bakt ein imponerande mengde skillingsbollar, som fungerte ypperleg som dessert etter pizzafesten!
Før ho tek til i jobben som flyktningekonsulent kjem Øydis til å reisa på ein to vekers ferie til Bolivia, i tillegg til at ho vil vera tilgjengeleg for den nye rektoren, Håvard Østhus, ei drøy veke mot slutten av oktober.