Sikra minst 2. plass!

Jubel etter siger i årets siste heimekamp! (Foto: Julie Bø)

Jubel etter siger i årets siste heimekamp! (Foto: Julie Bø)

Fogn - Stavanger Titan: 3-1 (1-0). Etter å ha slått Stavanger Titan i årets siste heimekamp, sikra Fogn seg minst 2. plass i serien. No er dei mørkeblå avhengige av litt hjelp frå naborival Finnøy dersom dei skal kunna gå forbi serieleiar Sunde 2 og vinna 7. divisjon avd. 3!

Då størsteparten av spelarane frå Stavanger Titan ikkje rakk ferja søndag ettermiddag, fekk Fogn god tid til oppvarming. Det fekk ikkje Titanspelarane, då dei kom med ferja kl. 15.50, og kampstart var sett til 15.45. Dommaren venta rett nok til bortelaget var 11 mann, før han sette i gong kampen. 

I første del av omgangen, kunne ein lett sjå kva for eit lag som hadde varma opp, og kven som ikkje hadde fått gjort det. Fogn hadde overtaket i kampen, og medvinden var nok ikkje ei ulempe den heller. Alt såg eigentleg godt ut, men så måtte plutseleg høgreback Pål Rune Grønås byttast ut med skade før det var spelt 10 minutter av kampen. Trenar Jakob Bø gjorde nokre omrokkeringar på laget, og sette inn heimedebutant Ørjan Måkestad Bø på spissplassen. Dette skulle vise seg å verta eit godt bytte, for etter omlag halvspelt omgang presenterte Ørjan seg på beste vis for dagens heimepublikum! Johannes Hovda vart spelt gjennom på høgrekanten, gjekk til dødlinja og slo høgt inn i feltet. På bakerste stolpe, omlag 5-6 meter frå mål, sto Ørjan som fekk kjempetreff på volley, og smalt ballen i nettaket bak ein sjanselaus bortekeeper, 1-0!

Fogn la seg litt meir bakpå etter dette, og fekk mellom anna eit stangskudd mot seg. Men heimelaget hadde også sine sjansar til å dobla leiinga, så 1-0 til pause var eit resultat som reflekterte kampen på ein god måte.

I andre omgang var det Titan sin tur til å få vinden i ryggen, noko dei viste seg å gjere nytte av. Etter omlag 10 minutters spel gjekk høgrevingen til bortelaget på eit imponerande raid, som endte opp med eit skot i tverrliggaren. Ein titanspelar var først på returen, og sette den utagbart forbi Jon Østhus, som var Fogn sin keeper i 2. omgang, etter at Trond Egil Sivertsen hadde stått i den første, 1-1.

Å seie at skåringa vart ein vekkar for heimelaget er kanskje å trekkje det litt langt, for det var framleis Titan som pressa mest på, sjølv om dei ikkje kom til dei største sjansane. Men det var Fogn som skulle få uttelling i målprotokollen... Etter at ein fogncorner gjekk over heile feltet, plukka Sergejs Kononov opp ballen og slo den inn att frå venstre. Der stanga Ole Jakob Kjølvik ballen hardt i stanga og ut. Returen spratt omtrent ut til straffemerket, der forsvarar Olav Østhus kom i lange kliv og plasserte ballen mellom beina på minst ein Titanforsvarar og i mål, 2-1!

Kort tid etter, kom Sergejs igjen til innlegg, denne gongen frå høgresida. Ballen dalte ned like utanfor 16-meteren, der Johannes Hovda sto og lada kanonen. Dagens andre volley på Fogn stadion, førte til at ballen sneik seg inn nede i venstre hjørne, og heimelaget kunne juble for 3-1!

Gjennom heile omgangen var det bortelaget som førte kampen, og slik vart det ikkje minst då kampen gjekk mot slutten. Heldigvis var keeper Jon trygg og god, og den einaste ballen han måtte sleppa forbi seg, resulterte berre i eit stangskot. Dommaren bles av på stillinga 3-1, og Fogn hadde gjort det som kjenneteiknar gode lag: vunne på ein dårleg dag.

Etter kampen vart sigeren i årets siste heimekamp skikkeleg feira med alkoholfrie bobler og skikkeleg "champis-dusj". Så får vi sjå om Fogn får moglegheiten til å spele ein ekte seriefinale borte mot Sunde 2 om ei veke. I så fall må Finnøy anten vinne eller spele uavgjort på tysdag, då dei møter laget som har leia serien nesten heile sesongen. Så då får vi for ein gongs skuld seie: Heia Finnøy!

Kampfakta

Mål: Ørjan Måkestad Bø, Olav Østhus og Johannes Hovda

Assists: Johannes Hovda, Ole Jakob Kjølvik, Sergejs Kononov

Gult kort: Olav Østhus

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Olav Østhus
Martin Østhus
Lars Olav Bøe
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Håvard Østhus
Sergejs Kononov

Innbyttarar (alle benytta):

Ørjan Måkestad Bø
Vadim
Tobias Sunde
Ørjan Klev Ladstein