Ny topptursuksess!
/Søndag 21. september var ein stor andel av innbyggjarane på Fogn ute på tur i det flotte haustvèret. Heile 119 personar deltok nemleg på idrettslagets toppturar, der ein kunne velje mellom 7- og 4-toppstur. 40 personar gjekk over sju toppar, medan 79 personar deltok på den kortare varianten. I tillegg til mange fognbuar, gjekk også tilreisande frå Larvik, Stavanger og Finnøy.
Også i år var det ei overrasking til deltakarane på kvar topp, sponsa av lokalt og regionalt næringsliv. På den siste toppen, Domfjellet, leverte ein også inn startkortet sitt, og var med i trekninga av eit gåvekort på 500 kroner frå Kiwi. Ein av primus motorane bak toppturane, Helge Iversen, fortel til Fogn.org at trekninga av gåvekortet vart gjennomført av leiar i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal, som trakk sit eige namn ut av bunken!
Helge uttaler også at "Vèret har alt å seie for eit slikt arrangement, og det er svært kjekt å sjå så mange nøgde turgåarar". I den fyldige serien av bilete under kan du også få sjå desse nøgde turgåarane!