Fjerde strake bortesiger!

Staal Jørpeland 3 - Fogn IL: 1-2 (1-2). Både Viking 2 og Fogn spelte mot henholdsvis Staal 1 og Staal 3 på Jørpeland mandag kveld. Berre eit av dei blåkledde bortelaga kunne juble for tre poeng etter kampslutt, og heldigvis var det gutane frå tomatøya!

Etter folkevandringa frå Fogn til Jørpeland på laurdag, tok 16 spelarar turen til Ryfylkebyen mandag. Oppgåva var klar, men vanskeleg: Slå Staal Jørpeland 3, som ikkje hadde tapt på heimebane før i år, og som vann sin siste kamp på eige gras med imponerande 6-0 mot serieleiar Sunde 2. 

Fogn kom best i gong i den låge kveldssola på Jørpeland, og heimelaget hadde nok med å forsvare seg dei første 10 minuttene. Staal kom etterkvart meir med i kampen, og hadde mellom anna eit hardt skot i stolpen då Fognkeeper Trond Egil Sivertsen måtte gi retur etter å ha redda eit frispark. Men det var Fogn som først skulle få uttelling i målprotokollen. Høgrekant Ole Jakob Kjølvik vart spelt fri, og sprang frå det som var av Staalforsvararar. Heimelagets venstreback såg ikkje anna råd enn å felle Ole Jakob innafor 16-meteren, og den gode dommaren frå Randaberg var ikkje i tvil om at dette var straffe. Det tok litt tid før Fogn sin faste straffeskyttar, Jakob Bø, fekk ta straffen, og enkelte av Staalspelarane prøvde då å psyka han ut slik at han skulle bomma. Heldigvis var Jakob kald og god, og plasserte straffen høgt og hardt i venstre hjørne, 0-1!

Etter dette fortsatte Fogn å føre kampen, og Staal fekk ikkje skapt noko som helst på bortelaget sin banehalvdel. Fogn kom rett nok ikkje til dei store sjansane, men dei trengte heller ingen stor sjanse for å doble leiinga. Midtstoppar Sigve Bø slo eit 5-metersutspark inn på Staal sin banehalvdel, der ballen fekk dabba ein gong før Håvard Østhus brukte venstrebeinet til å skyta ballen i ein høg bue frå omlag 30 meter, over keeper som sto langt ute frå streken og i mål, 0-2!

Dette resultatet såg ut til å halda seg heilt til pause, men like før dommaren bles av 1. omgang, fekk heimelaget frispark i farleg posisjon. Skotet gjekk på mål, og Trond Egil måtte gi retur då han redda. Ballen vart så slått i tverrliggaren, før ein Staalspelar fekk pirka den over streken til 1-2.

I andre omgang virka det som om heimelaget hadde gått tomme for krefter, og Fogn var nok nærare 3-1 enn heimelaget var eit utlikningsmål. Det største høgdepunktet i ein elles nokså sjansefattig omgang var at Ørjan Bø Måkestad fekk sin debut på A-laget, då han erstatta Sergejs Kononov på spissplassen det siste kvarteret. Ørjan jobba godt som førsteforsvarar, og fekk ved eit par høve vist fram farten sin, som Fogn nok skal få mykje glede av framover!

Då dommaren bles av kampen, kunne Fogn juble for tre poeng som gjer at dei no er sikra å hamna over naborival Finnøy på tabellen i år! Førre fredags kamp mot Randaberg vart nemleg avlyst då bortelaget ikkje klarte å stille lag, slik at Fogn vil få tre poeng og 3-0 siger bokført der. Laget er difor oppe på 20 poeng etter 10 kampar, og kan sikra seg minst andreplass i gruppa om dei slår Stavanger Titan på heimebane førstkomande søndag klokka 15.30 på Fogn stadion. Dette er årets siste heimekamp, og folk er herved oppfordra til å stille opp og heie på dei blåkledde!

Kampfakta

Mål: Jakob, Håvard

Assist: Ole Jakob, Sigve

Gult kort: Jakob

Fogns lag:

Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Håvard Østhus
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Sergejs Kononov
Trond Arne Borgemyr

Reservar:
Lars Olav Bøe
Kristoffer Runestad
Ørjan Bø Måkestad
Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde