Smekkfull løe på kulturbasaren!
/På onsdag kveld var heile 73 personar på Erås Museum då sildefiske før og no var i fokus. Det var i alle fall ikkje færre under kulturbasaren på laurdag. Basaren er eit samarbeid mellom kulturgruppa i grendalaget og Erås Museum, og inntektene gjekk dette året til ein borneheim i Cape Town i Sør-Afrika. Ingunn Berg kom og fortalte om prosjektet, som dottera og svigersonen hennar er engasjert i. I tillegg kom Per Gunnar Vik Mjølhus frå Sjernarøy og song for dei frammøtte. Dette var Mjølhus sin debut som soloartist, og han starta karierra med å syngje ein sjølvlaga song om Fogn, noko folk sette stor pris på! Deretter var det tradisjonell årebasar med mykje leiting etter vinnarårene...
Kulturgeneral Malvin Sandanger var særs godt nøgd med arrangementet og resultatet (omlag 17 000 kroner) som vart sendt til borneheimen i Cape Town.
Sjå bilete frå dagen i serien under: