Fogn tilbake på vinnarsporet!

Mastra 2 - Fogn: 1-2 (1-0). Etter eit sjansesløseri av dei sjeldne, klarte Fogn heldigvis å dra sigeren i land til slutt, og er i høgaste grad med i kampen om opprykk!

Før kampstart på Mosterøy, peika trenar Jakob Bø på at dette var ein nøkkelkamp for korleis haustsesongen vil bli. Med siger mot Mastra 2 ville Fogn liggje særs godt an til å nå eit av sesongens store mål: hamna over Finnøy på tabellen. I tillegg ville tre poeng halde laget inne i opprykkskampen, altså ein nokså sjeldan dimensjon ved dei blåkledde sine haustsesongar.

Men sjølv om Fogn førte kampen i dei første minuttene, og ein kunne sjå at det var tydelege nivåforskjellar mellom laga, var det heimelaget i gult som fekk kampens første mål. Eit frispark frå spissen av 16 meteren vart slått hardt inn i feltet, der ein Mastraspelar fekk stå heilt umarkert og heade inn 1-0 til venstre for Jon Østhus i Fogn-målet. Det var også den sjansen Mastra 2 fekk i kampen, så ein kan gjerne seie at dei var nokså effektive.

Resten av kampen handla kun om eit lag i angrep, og eit anna som forsvarte seg med nebb og klør. Fogn kom rett nok ikkje til mange store sjansar i 1. omgang, då dei fleste avslutningsforsøka vart blokkerte av oppofrande Mastraspelarar. Men i 2. omgang vart nok heimelaget sine spelarar nokså slitne av å forsvare seg, og sjansane kom i hopetal.

Fogn må ha spelt seg til omlag 15 klare målsjansar, og særleg Håvard Østhus, Trond Arne Borgemyr og Jakob Bø ville nok hatt problemer med å sove etter kampen dersom deira sjansesløseri hadde ført til poengtap for Fogn. Heldigvis gjekk det vegen til slutt, og det måtte ein forsvarsbauta til for å få hol på byllen etter omlag 70 minutt av kampen.

Bortelaget vart ståande oppe etter ein corner, og Johannes Hovda kom seg fri på høgrekanten, og slo eit presist innlegg inn i feltet. Der steig midtstoppar Olav Østhus til værs, og stanga inn utlikninga via stanga i det same hjørnet som Mastra hadde skåra i, berre at Olav si heading var litt hardare og enno litt lengre ut i sida, 1-1!

Like etter fekk Mastra 2 ein spelar utvist etter to gule kort, noko som berre førte til at presset frå Fogn vart enno sterkare og meir intenst. Og til slutt skulle rettferdigheita sigre, og Fogn få si avgjerande skåring, og igjen var det Johannes som var servitør. 10 minutter før kampslutt slo nemleg Johannes ein presis gjennombrotspasning til Håvard, som skar inn i banen frå sin venstrekant og avslutta høgt i næraste hjørne med venstrefoten. Keeper rakk berre å få fingertuppane på ballen og forlenge den inn i nettet til 1-2!

Fogn hadde god kontroll på kampen etter dette, og burde fått både 2 og 3 mål til, men siger er siger, og bortelaget jubla godt då kampen var over, og dei tre viktige poenga var i boks!

No ventar Randaberg 3 i neste heimekamp på Fogn, fredag 12. september klokka 18.45. Her er det berre å møta opp og heia dei blåkledde fram i opprykkskampen!

Kampfakta

Mål: Olav, Håvard

Assists: Johannes (2)

Gult kort: Pål Rune

Fogns lag:
Jon Østhus
Martin Østhus
Olav Østhus
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Sergejs Kononov
Håvard Østhus

Innbyttarar:
Trond Arne Borgemyr
Lars Olav Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Kristoffer Runestad
Vadim