Poengdeling i folkefesten!
/Fogn - Finnøy: 3-3 (1-1). Haustvèr med både regn og lyn gjorde ikkje at publikum holdt seg heime då Fogn og Finnøy møttes til lokalderby i 7. divisjon fredag kveld. Dei ca. 100 tilskoderane fekk sjå ein sjanserik fotballkamp med mange mål, der sluttresultatet var av ein slik art at begge lag kan vere både litt nøgde og litt irriterte...
Etter ein lang sommar utan kampar og med få treningar, var det eit veldig spent heimelag som stilte opp på Fogn stadion. Fogn låg rett nok 6 poeng over Finnøy på tabellen etter ein god vårsesong, men den ligg langt bak i tid no. Finnøylaget, som består av dei beste spelarane frå Talgje, Halsnøy og Finnøy, hadde etter ryktene trent godt i sommar, og vore godt over 30 spelarar på enkelte treningar. Jakob Bø, spelande trenar på Fogn, uttalte fylgjande då han sat og las lagoppstillinga til Finnøy tidlegare på dagen: "Det føles litt som å gå opp te eksamen, uden å ha lest..."
Og heimelaget vart nok ikkje mindre nervøse av at Finnøy hadde med seg ein imponerande stor gjeng med supportarar, som hadde teke turen over fjorden for å få seg ein forhåpentlegvis god start på helga. På grunn av regn, vart supportarane ståande under taket ved skulen, då laga marsjerte inn på banen til tonane frå supportersongen "Heia Fogn", og alle spelarane vart lest opp av leiar i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal. Men folk, både heime- og bortesupportarar trakk fort ut til banen då kampen kom i gong, for her var det mykje å få med seg!
Dei første minuttene bølga spelet fram og tilbake, men etterkvart var det Finnøy som festa grepet om kampen og kom til fleire gode sjansar. Berre ein god Jon Østhus i heimelaget sitt mål hindra Finnøy frå å få ei tilig leiing. Men dei raudkledde skulle ta leiinga etter omlag 30 minuttars spel. Finnøy fekk frispark i farlig posisjon, omlag 20 meter frå mål. Jarle Mensink stilte seg opp, og fekk ballen forbi både mur og keeper, 0-1 til elleville jubelscener frå bortelaget!
Finnøy sitt mål var kanskje det Fogn trengte for å vakne skikkeleg, for ikkje lenge etter var det dei blåkledde sin tur til å få ballen i nettet, også dei etter eit frispark. Martin Østhus vart felt heilt ute ved sidelinja, omlag midt på Finnøy sin banehalvdel. Han tok sjølv frisparket, som førte til at ballen gjekk over nesten heile feltet, før Jakob Bø gav den ein liten retningsforandring opp i nettaket, 1-1, og no var det heimelaget som kunne juble!
Denne stillinga heldt seg til pause, og Fognaspelarane var einige om at dei måtte skru opp innsatsen nokre hakk dersom det skulle bli poeng i denne kampen. Det var difor eit meir entusiastisk heimelag som kom på banen i 2. omgang. Denne omgangen vart rett nok litt utsett, då den flinke zumbagjengen måtte danse ferdig "The fox" før dommaren kunne blåse kampen i gang igjen.
No var Fogn meir "på hogget", noko dei også fekk betalt for ikkje ein, men to gonger! Først kom Johannes Hovda seg fri på venstrekanten og slo eit godt innlegg til Ole Jakob Kjølvik. Kjølvik, som ikkje har spelt fotballkamp sidan han skåra to mål mot Finnøy i fjor, kriga ballen i mål med hovudet også i årets oppgjer, og førte heimelaget opp i leiinga, 2-1!
Berre omlag eit minutt seinare var Ole Jakob involvert i nok ei skåring. Han slo ein nydeleg gjennombrotspasning til spiss Sergejs Kononov, som brukte farten sin, runda keeper, og plasserte ballen trygt i mål frå spiss vinkel, 3-1, og heimepublikum og spelarar var i ekstase!
Etter dette festa Finnøy på nytt grep om kampen, og kom til fleire store sjansar, som dei etterkvart fekk uttelling på. Etter litt klabb og babb i feltet hamna ballen i beina til Halsnøybuen Anders Eike, som har slutta seg til Finnøylaget no i haust. Eike fekk god treff på ballen, som gjekk via Ivar Opsals blokkeringsforsøk og i mål bak Jon, 2-3 og framleis mykje nerve i kampen!
Ikkje lenge etter var det ein ny Halsnøybu som skulle kome på skåringslista for bortelaget. Ein høg ball kom dalande ned i feltet, og keeper Jon var på veg ut for å plukke denne. I luftrommet fekk han konkurranse av Rasmus Robson Skartveit, som også gjekk i duellen. Kven som traff ballen først strides nok dei lærde om, men den hamna i alle fall i nettet. Mange trudde nok at dommaren ville blåse av for angrep på keeper, men han pekte heller mot midtstreken og markerte med det for skåring, 3-3!
Mot slutten av kampen kom Finnøy til fleire store sjansar, utan å klare å få den over streken. Dette kan kanskje skuldast at fleire spelarar på bortelaget i periodar var meir opptekne av å klaga på dommeravgjersler og baneforhold, enn å faktisk fokusera på det dei kunne gjere noko med. Det vart i alle fall ikkje fleire mål i kampen, og Fogn kunne vere litt irriterte for å ha gitt frå seg ei 3-1 leiing, men litt glade for å teke poeng i ein kamp der bortelaget strengt tatt var best. Finnøy på si side var godt nøgde med å ha teke igjen Fogn si leiing, men klarte ikkje heilt å gleda seg over dette, med tanke på alle dei brente sjansane.
Med dette poenget tok Finnøy eit hakk opp frå den litt flaue sisteplassen dei låg på før kampen. Fogn på si side ligg framleis på 2. plass i pulja, og kan enno drøyma om opprykk til 6. divisjon, då dei to øverste plassane plar kvalifisera til dette.
Ein ekstra honnør til Fogn IL for eit flott arrangement med sal av lappar, opplesing av spelarar, zumba i pausen og besøk av maskoten Fognareven! Takk også til alle som møtte opp og gjorde dette til ein flott folkefest!
Kampfakta:
Mål: Jakob, Ole Jakob, Sergejs
Assists: Martin, Johannes, Ole Jakob
Gult kort: Johannes
Fogns lag:
Jon Østhus
Ivar Opsal
Olav Østhus
Sigve Bø
Martin Østhus
Lars Olav Bø
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Ole Jakob Kjølvik
Håvard Østhus
Sergejs Kononov
Benytta reservar:
Vadim
Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde
Under ser de ein serie med bilete knipsa av dei habile fotografane Jørgen Bø og Mathias Hovda!