Olav Østhus vann tippekonken!

brasil_flagg.jpg

Fotball-VM i Brasil går er over, noko som også er tilfelle for Fogn.org sin tippekonk knytta til meisterskapet. Det var til slutt Olav Østhus som stakk av med sigeren, og som kan smykke seg med tittelen: "Fogns beste fotballtippar", i alle fall fram til EM i fotball 2016...  Fogn.org har enno ikkje fått kontakt med Olav, men vil prøve å få ein kommentar og overlevere den innramma resultatlista, som eit synleg bevis på den store bragda. Klikk HER for å sjå korleis det gjekk til slutt med alle som var med i konkurransen. 

 

Dette skreiv vi før finalane i VM:

Olav Østhus ligg på 1. plass i konkurransen, og vinn enkelt og greit dersom Tyskland går sigrande ut av finalen mot Argentina.

Bjørnar Svellingen ligg på 3. plass, men vil sansynlegvis ta sigeren dersom Argentina vinn finalen mot Tyskland.

Dei einaste som kan hindra Bjørnar i å ta sigeren dersom Argentina vinn finalen, er duoen Trond Arne Borgemyr og Lionel Messi. Trond Arne har nemleg tippa at Argentina vinn VM og at Messi vert toppskårar. Dersom dette slår til (Messi må minst skåre to mål i finalen) vil han avansere frå sin 6. plass og heilt opp til toppen av lista.

Elles kan det nemnast at ingen av dei tre "vinnarkandidatane" har sjanse til å få poeng i bronsefinalen, då dei har tippa at denne vert vunnen av lag som ikkje er med i den aktuelle kampen. Olav Veland Thu er den einaste av deltakarane i toppen som kan få poeng i bronsefinalen, då han har tippa Nederland som vinnar av denne. Diverre for Olav har han tippa Brasil som vinnar og Neymar som toppskårar, noko som gjer at han ikkje kan vinna tippekonken totalt sett.

Då gjenstår det ei fin helg med fotball før vi får svaret, både på kven som vinn fotball-VM, og ikkje minst kven som vinn Fogn.org sin tippekonkurranse...