God tur!

I over eit år har det vorte jobba mykje med turstiane på Fogn. Stiar har blitt merka med blå stolpar, gjerdeklyvarar har blitt plassert ut, og no har det også blitt sett opp flotte informasjonskilt på strategiske stader knytta til turstinettet vårt. Ei tavle med eit stort kart og skriftleg informasjon er sett opp ved ferjekaien. Dette kartet kan de sjå nærare i serien med bilete i botnen av denne saka. Fogn.org vil berømme både Fogn IL, Grendalaget og spesielt Malvin Sandanger som har jobba mykje med turstiane. I tillegg må det nemnast at turstiane har fått økonomisk støtte frå både Finnøy Kommune og Gjensidigestiftelsen.

Under kan du sjå bilete av dei nye skilta, og så vil vi oppfordre lesarane til å utforske dei flotte turstiane på eiga hand!