VM-tipping - FRIST torsdag 12. juni kl. 22.00!

Det er berre ei drøy veke til fotball VM i Brasil vert sparka igong, og vi vil sjølvsagt arrangere tippekonkurranse for alle som vil vere med! Premien vert igjen mest av det symbolske slaget (ei innramma resultatliste, med vinnaren sitt namn på toppen), i tillegg til ein god dose heider og ære!

Konkurransen er nokså enkel. Du skal tippa kven som vinn (evt. speler uavgjort) og kva resultatet vert i alle gruppespelskampane. Deretter skal du tippa kva for nokre lag som går vidare til åttendedelsfinalar, kvartfinalar, semifinalar, finale, kven som vinn bronsefinalen og kven som vinn finalen. I tillegg skal du tippa kva for ein spelar som skårer flest mål i VM.

Poengssystemet fungerer slik:

Rett vinnar av gruppespelskamp: 1 poeng
Rett resultat i gruppespelskamp: 2 poeng
Rett lag til åttendedelsfinale: 3 poeng
Rett lag til kvartfinale: 5 poeng
Rett lag til semifinale: 8 poeng
Rett lag til finale: 10 poeng
Rett bronsevinnar: 10 poeng
Rett VM-vinnar: 15 poeng
Rett toppskårar: 10 poeng

Mange som har vore med på våre konkurransar tidlegare, fortel at VM, OL, EM eller kva for eit meisterskap det måtte vere snakk om, har vorte mykje kjekkare å fylgje med på, fordi dei valde å fylle ut eit tippeskjema i forkant. Alt skjer digitalt, og det treng på ingen måte å ta veldig lang tid.

FRIST FOR UTFYLLING ER TORSDAG 12. JUNI KL. 22.00!

BERRE KLIKK HER FOR Å KOME TIL TIPPESKJEMA, fyll ut, og så er du med på moroa!