Fin søndagsskuleavslutning!

Søndag 1. juni, den første sommardagen, var ein passande dag å arrangera sommaravslutning i søndagsskule og søndagsring på Fogn. Det har etterkvart vorte ein tradisjon å ha denne avslutningen ved naustet til Helga og Ståle Østhus på Selvåg. I fjor var det rett nok ikkje vèr til å ha avslutningen ute, men i år baud ikkje vèret på dei store utfordringane. Det var rett nok nokså overskya klokka 11, då arrangementet tok til, men heldigvis slo sola gjennom etterkvart. På programmet sto det song, andakt ved Anne Martha Straumstein, grilling av pølser, leiker for store og små, og elles drøs og god stemning!

I serien under kan du sjå litt av det som føregjekk denne dagen.