Spesiell skuleavslutning

Då Fogn oppvekstenter arrangerte sin årlege grillfest før sommaren, var det ein ekstra spesiell dag for to av lærarane. Sølvi Østhus og Mona Bøe, som til saman har jobba på oppvekstsenteret i omlag 80 år, kjem ikkje tilbake til hausten, då dei begge no går av med pensjon. Mona starta jobben på det som då heitte "nye Fogn skule" i 1972. Då var den gamle skulen eit år yngre enn kva den nye skulen er no, så det er ei stund sidan. Sølvi kom i 1973, og begge har stort sett jobba her sidan den gong. Det er ikkje få som har lært både lesing, skriving, rekning og mykje anna av desse to damene, som no går over i ein ny fase i livet. Dette vart markert ved at både foreldrenes arbeidsutval (FAU), kollegaene og kommunen overleverte gåver til pensjonistane i løpet av kvelden.

Elles handla kvelden om grillmat, putekrig, kaker for å markera skulens 10-årsdag og litt ekstra fokus på 7. klassingane, som no sluttar på skulen for å gå vidare på Finnøy. Sjå bilete i galleriet under: