Dugnad i Skinnvigå på laurdag!
/Skinnvigå vert gjerne omtalt som Fogns flottaste badeplass, og det med rette! Her er det ei vakker, langgrunn sandstrand med eit fint belte av gras på oppsida. I tillegg er vika lun, slik at det er dei færraste vindretningane som "tek" skikkeleg her. Den største utfordringa knytta til Skinnvigå har vore adkomsten, som gjerne har vore vel "kronglete" for dei som kjem frå landsida. Dette vart det teke tak i i fjor, då fleire dugnadsøkter resulterte i ein meir eller mindre ferdig sti heilt frå drivhuset til Jon Olav Runestad, og ned i Skinnvigå. Denne stien, og kanskje sjølve badeplassen, treng no ein dugnad for å bli sett i god stand før "sesongen" tek til for alvor. Dette har grendalaget teke tak i, og kallar inn til dugnad på laurdag 31. mai frå klokka 10.00 og utover. Møt opp og parker ved drivhuset til Jon Olav. Grendalaget, som står som arrangør av dugnaden, byr på grilla pølser, kaffi og ein kakebit omlag midt i økta, så her er det berre å koma med friskt mot!
Det kan også nemnast at dette er den siste dugnaden før kommunen kjem og inspiserer sti og badeplass, med tanke på utbelating av nokre midler det vart søkt om for ei tid tilbake. Bli med og gjer ein innsats for at desse midlane kjem inn, og ikkje minst at vi får ein ny flott badesesong i Skinnvigå!
PS! Sjølv om mange gav si stemme til Skinnvigå i "kampen" om ein grill frå Gilde og Snøhetta, nådde ikkje vårt bidrag heilt opp. Til slutt kom vår badeplass på 148. plass i konkurransen, og vi måtte vere blant dei 100 første for å kome vidare...