Ny sterk bortesiger for Fogn!

 Sergej Kononov var sentral då Fogn imponerte med bortesiger over Stavanger Titan.

Sergej Kononov var sentral då Fogn imponerte med bortesiger over Stavanger Titan.

Stavanger Titan - Fogn IL: 0-3 (0-0). Før førre bortekamp hadde det gått nesten fire år sidan dei mørkeblå hadde vunne ein bortekamp. Etter fredagens sterke bortesiger mot Stavanger Titan står dei no med to på rad og befesta sin posisjon på toppen av tabellen!

Det var duka for ein skikkeleg toppkamp på Vardeneset, då Fogn og Titan låg som henholdsvis nummer ein og to på tabellen før avspark. Diverre for Fogn sin del hadde laget eindel forfall slik at dei kom med kun 13 "speleføre" menn til den vanskelege bortekampen. Når heimelaget i tillegg vann myntkastet før kampstart, og fekk velge sida med sterk medvind i første omgang, var det nok nokre av bortelagets spelarar som vart litt nervøse. Det var det ingen grunn til.

Første omgang vart spelt utan at nokon av laga kom til dei store sjansane. Den nøytrale tilskodar (som det nok ikkje var mange av) ville nok sagt at Titan var det beste laget, men takka være godt forsvarsspel frå Fogn si side, kom heimelaget berre til eit par halvfarlege skot som keepervikar Olav Østhus i Fognburet hadde god kontroll på. Dermed var det 0-0 til pause og trenar Jakob Bø mante spelarane til å halde fram i det same sporet også i den andre omgangen. 

Spelarane verka til å respondera godt på det Jakob hadde sagt, og når ein i tillegg nemner at vinden ikkje hadde løya mykje, vippa kampen meir og meir over i Fogns favør. Eit par halvfarlege sjansar vart også produserte etter bra spel, men det første målet skulle eigentleg kome meir eller mindre ut av ingenting...

Sigve Bø slo ein pasning frå forsvaret og opp mot Jakob på midten. Han forsøkte å flikka vidare til Håvard Østhus, men verken Jakob eller Håvard var nær ballen, slik at den såg ut til å rulla inn til heimelagets keeper. Men Sergej Kononov hadde andre planar. Han la på sprang og rakk ballen rett før keeper fekk tak i den, og prikka ballen direkte i nettet med ein touch, 0-1!

Etter dette fortsatte Fogn å male på med god struktur i forsvarsspelet, og gode forsøk på oppspel og kontringar. Dette skule gi nye resultater, då nok ein ball vart spelt fram frå forsvaret. Kven som slo denne ballen er eit lite mysterium (ingen meldte seg i garderoben etter kampslutt i alle fall), men pasningen viste seg etterkvart å verta av den målgivande sorten. Igjen sette Sergej, som viste gryande målform på skottrening tidlegare i veka, på turboen og sprang frå det som var av forsvararar hjå heimelaget. Også denne gongen rakk han ballen like før keeper, og fekk tuppa denne forbi både keeper og ein midtstoppar som kom inn frå sida. Då var det berre å spasera ballen i det åpne målet, 0-2 og enorme jubelscener frå bortelaget!

No hadde etterkvart heimelagets trenar fått nok. Han klaga på ei av avgjerslene frå den jamnt gode dommaren, og byrja også å trua dommaren med slag etter kampen. Då hadde ikkje kampleiaren noko anna val enn å visa trenaren vekk frå sidelinja. Dette gjekk etterkvart trenaren med på, men heimelagets frustrasjon forsvant ikkje då den hissige trenaren forlot området...

Minutter seinare kombinerte Sergej og Håvard fint på venstrekanten. Sergej kjem etterkvart til dødlinja og slår 45 grader ut til Håvard som får sendt i veg eit skot med venstrefoten før han vert meia ned av ein forsvarsspelar. Skotet gjekk over, men dommaren peika på straffemerket, noko som gjorde at enkelte av heimelagets spelarar nærmast eksploderte. Det heile endte i drapstruslar mot dommaren, to røde og fleire gule kort, alt til spelarar frå Titan. Folk frå sidelinja måtte kome inn på banen og dra ein av dei utviste spelarane av banen, før Jakob endeleg skulle få ta Fogn sitt straffespark. Jakob var som alltid sikker, og sette ballen ned til venstre, 0-3!

Resten av kampen vart meir eller mindre ein formalitet. Fogn spelte 11 mot 9 og fekk fleire gode sjansar til å auke leiinga, men bortelaget satsa ikkje alt framover med tanke på å halde buret reint i den andre enden. Dermed endte kampen med ein sterk 3-0 siger til Fogn, som jubla heftig etter kampslutt, medan enkelte av Titanspelarane igjen måtte haldast fysisk tilbake for ikkje å angripa dommaren...

Med dette er Fogn oppe i ti poeng etter fem spelte kampar. No er det ikkje kamp før fredag 20. juni, då eit anna topplag, Sunde 2, står på motsett banehalvdel på Fogn Stadion. Med siger i den kampen vil Fogn for alvor vere ein heit kandidat til å kjempa om opprykk til hausten!

Kampfakta:

Fogns lag:

Olav Østhus
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Lars Olav Bøe
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Harald Østhus
Håvard Østhus
Sergej Kononov

Benytta innbyttarar:

Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde

Mål: Sergej (2) og Jakob

Assist: Sigve, ukjent og Håvard

Gule kort: Ingen til Fogn...