Taxi på Fogn!
/Thor Jansen er klar for køyreoppdrag!
Thor Jansen har no fått løyve til å ta køyreoppdrag på Fogn, evt. til Finnøy. Dette kunne vi lese på lappen som hamna i postkassane på Fogn torsdag 24. april. Fogn.org har snakka med Thor, og lurte mellom anna på om han hadde ein form for opningstider når det kom til køyreoppdrag. "Eg har sagt det slik at om du ringer etter klokka 12 om natta, så bør det stå om livet..." uttaler Thor før han legg til med ein humoristisk undertone: "Så får det heller vere opp til den og dei det gjeld å avgjere kor alvorleg det må vere for at det skal gjelde livet...".