Så nær!

Finnøy - Fogn: 3-2 (1-1). Då Fogns debutant Sondre Søheim skåra etter berre eit minutt av kampen mot Finnøy, såg det svært lyst ut for bortelaget i mørkeblått. Diverre holdt det ikkje heilt inn, og Fogn gjekk på eit surt tap i serieopninga på Leikvoll.

Det har vore mykje snakk om denne kampen dei siste vekene. Finnøy har vore på treningsleir i Tyskland og brynt seg mot hard motstand, medan Fogn fekk testa seg mot Tasta i cupen på fredag. Kva for eit lag var eigentleg sterkast og kan smykke seg med tittelen "storebror", om berre for nokre dagar? Dette skulle avgjerast på Finnøy, mandag 28. april frå klokka 20.00. 

Fogn hadde ein debutant i Sondre Sørheim. Sondre er kanskje best kjent som han som spela rolla som "Iversen" i filmen "United" frå 2003. I denne filmen imponerte ungguten med sine fotballferdigheiter, noko han også gjorde då han gjesta ei Fogn-trening i fjor haust. Etter denne treninga har trenar Jakob Bø jobba hardt for å få Sondre til å signere for Fogn, og innsatsen gav resultater: Sondre debuterte mot Finnøy på mandag. Og for ein debut det blei! Ikkje berre skåra han Fogns første mål, han la og opp til det andre målet, i tillegg til å vere ein konstant trussel på si høyreside. Dersom Fogn får behalde denne stjerna, kan dei fort kome til å nå ambisjonane om å hamne på øvre halvdel av tabellen!

Tilbake til kampen. Etter at Sondre, assistert av Sergej, førte Fogn opp i leiinga, kom Finnøy tilbake og syte for at det sto 1-1 til pause. I 2. omgang skåra Finnøy først, før Sondre sentra til Jakob som skaut ballen i mål med venstrebeinet til 2-2. Dette hende omlag 10 minutter før slutt, og dei fleste trudde nok at bortelaget skulle få med seg minst eit poeng frå denne kampen. Diverre, for dei blåkledde, netta Finnøy då berre to minutter gjensto, slik at heimelaget tok sigeren med sifra 3-2, og får lov å kalla seg "storebror" i nokre dagar framover. Samstundes bør det nemnast at dei fleste objektive tilskodarar meinte at Fogn var det klart beste laget, og at dei produserte flest sjansar. Men no er det no ein gong slik at det er måla som tel, så får vi sjå om Fogn klarar å gjere det noko betre reint målmessig i årets første heimekamp i serien, som går av stabelen fredag 9. mai.

Kampfakta:

FOGNS LAG:

Trond Egil - Pål - Trond Arne - Olav - Martin - Sondre - Johannes - Jakob - Rolf - Asbjørn - Sergej

RESERVAR:

Ivar, Kristoffer, Harald (benytta) og Ørjan, Jon, Daniel (ubenytta).

FOGNS MÅL: Sondre og Jakob

FOGNS ASSISTS: Sergej og Sondre