Cupeventyret over før det byrja...
/Fogn - Tasta: 2-8 (2-3). Det såg svært lyst ut etter at både Jakob Bø og Trond Arne Borgemyr sette sine straffar før kampstart, slik at Fogn hadde to mål å gå på då dommaren blåste det heile i gong. Diverre var det sju mål for lite til å hamla opp med eit sterkt Tasta-lag.
På førehand var det venta ein hakket jevnare kamp, i og med at Fogn ofte gjer det godt på heimebane. Når Tasta kom med toppa mannskap, og hadde fått trent seg på naturgras mot Forsand i førre seriekamp, vart det aldri den heilt store spenninga i kampen. Det var tydeleg at dette var Fogns første graskamp for året, og Tastaspelarane virka til å vera mest komfortable på det, til april å vere, særs grønne graset. Når Fogn i tillegg gav vekk 3-4 mål på nokså stygge feil, var det liten tvil om kva for eit lag som skulle få lov til å gå inn i 1. runde i Rogalandscupen, og møte Hinna.
På den positive sida stilte Fogn med ein stor tropp med både unge og eldre spelarar. Fleire spelte sin første kamp for året, og Tobias Sunde fekk sin heimedebut som innbyttar. I tillegg var det fleire som meinte at det eigentleg var bra at dette braktapet kom i dag, så "vakna" spelarane litt til liv før den viktige seriestarten mot Finnøy, mandag 28. april (bortebane på Leikvoll)...
Fogn sitt lag:
Trond Egil - Pål Rune - Ivar - Olav - Martin - Rolf - Johannes - Sergej - Jakob - Håvard - Trond Arne
Benytta innbyttarar:
Kristoffer - Ørjan - Harald - Tobias - Jon
Nokre bilete frå kampen: