Det skjer på Fogn i påsken!
/Under er ei oversikt over mykje av det som skjer på Fogn i påsken. I tillegg har idrettslaget diverse treningstilbod, sjå kalenderen her på Fogn.org. Dersom det kjem endringar i dei oppsette arrangementa vil også dette kunngjerast på nettsida.
Onsdag 16. april - Loddsal på dørene frå kl. 18.00
Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til basaren på påskeaften. Hugs å ta ut kontanter, då dei ikkje tek kort…
Arr: Idrettslaget
Torsdag 17. april - Nattverdmøte på bedehuset kl. 11.00
Skjærtorsdagsmøte ved Håvard Østhus. I tillegg til nattverd vert det andakt, song og vitnesbyrd.
Arr: Bedehusforeningen
Torsdag 17. april - Fellestur til Sulsøy kl. 14.00. NB! Denne turen er flytta til 1. påskedag klokka 14.00 pga dårlege vèrmeldingar...
Oppmøte og parkering ved Olav og Anne May Hovda. På turen, som passar for alle, vert det quiz, frukt og eggkoking.
Arr: Helselaget, Speidaren og Idrettslaget
Fredag 18. april - Gudsteneste i kyrkja kl. 10.30
Langfredagsgudsteneste ved Anders Kvalevåg. Song ved June Hovda.
Takkoffer til Opne dører.
Laurdag 19. april - Basar ved butikken kl. 09.00-15.00
Idrettslagets tradisjonsrike påskebasar. Dei sel lodd og gir ut gratis lappar frå klokka 09.00-14.00. Trekning av mange flotte gevinstar klokka 14.00.
Arr: Idrettslaget
Søndag 20. april - Høgtidsmøte på bedehuset kl. 11.00
1. Påskedagsmøte ved Marit og Leif Thingbø med vener frå Kenya. Song ved June Hovda. Kollekt til NLM sitt arbeid.
Arr: Fogn Misjonslag (NLM)
Søndag 20. april - Gudsteneste i kyrkja kl. 18.30
1. Påskedagsgudsteneste ved Terje Engstrøm. Song ved Fognakoret. Nattverd. Takkoffer til misjonsprosjektet.
Hjarteleg velkomen på alt til både fastbuande og besøkjande!