Sol, stemning og salsrekord!

RL-basar 2.jpg

Med sol frå skyfri himmel, ein heil haug med folk og skikkeleg påskestemning utafor butikken, arrangerte Fogn IL sin årlege basar på påskeafta. Salet starta alt på onsdag, då loddselgarane gjekk frå dør til dør og selde for omlag 30 000 kroner, noko som gjorde at "basarnestorane" hadde godt håp om ny inntektsrekord. I fjor sette nemleg idrettslaget ny rekord på rett over 60 000 kroner, og då fekk dei ikkje inn så mykje pengar på onsdagssalet. 

På laurdag starta dei opp alt klokka ni med loddsal, i tillegg til gratis kake, lappar og kaffi. Det var sett opp mange bord på utsida av butikken, slik at folk kunne nyta dagen der i solskinet, noko fleire nytta høve til. Like før trekningen, som skulle vere klokka 14.00, var det litt program frå "scena" (ein traktortilhengjar". Idrettslagets leiar, Heidi Bø Sangedal informerte litt frå idrettslaget sine aktivitetar, Basargeneral Øyvind Sandanger snakka litt om Fogn.org, og born frå oppvekstsenteret deltok med både song og dans!

Sjølve trekninga vart gjennomført utan den største dramatikken, og dei mange gevinstane såg ut til å bli godt fordelt i folkemassen, som no var samla på parkeringsplassen. Og sluttresultatet til idrettslaget? Ny rekord også dette året: 72 000 kroner!

Sjå fleire bilete i serien under. 

Tekst: Håvard Østhus, Foto: Karl Fredrik Måland/Håvard Østhus