Rekordstor jentelagsbasar?
/Jentelagsbasaren på "palmefredag" var sannsynlegvis rekordstor på fleire måtar. Det kom så mykje folk at ein måtte ha mange rader inn i "litlesalen" på bedehuset, og det vart solgt lodd for over 28 000 kroner! I møtedelen fekk dei frammøtte høyre andakt av Lars Skjæveland frå NLM Region sør-vest. Lars er også kjent som "ballongmannen", og han skuffa ikkje ungane denne gongen heller! Her var det både ballongtriks, ballongdyr og ballonggitar (!), i samband med andakta han hadde. I tillegg song barnekoret tøfFOGNnådig av full hals på ein flott måte!
Som vanleg var det livleg i spise- og trekningsdelen av basaren. Samstundes virka det kanskje som om ungane var litt roligare enn vanleg på grunn av stor spenning knytta til kveldens hovudgevinst, ein iPad mini! Om dette var grunnen til at det kom inn så mykje pengar til NLM sitt misjonsarbeid er vanskeleg å seie. Det som er sikkert er at både iPaden og alle dei andre gevinstane hadde fått bein å gå på når kvelden var omme, og siste linje av "Med Jesus vil eg fara" var sunge...
Under er nokre bilete frå den rekordstore basaren!