Hopp og sprett!

Aktivitet og glede - ein god kombinasjon!

Aktivitet og glede - ein god kombinasjon!

Kvar torsdag ettermiddag er det god gang i gymsalen på Fogn! Då samlar 10-20 born i alderen 0 år - 1. klasse seg til "Hopp og sprett", eller berre "Barnetrimmen", som arrangementet òg vert kalla. Når det i tillegg er ein sosial møtestad for dei føresette, så seier det seg nesten sjølv at dette er liv laga! Vi tok temperaturen på samlinga som gjekk av stabelen den 6. mars, og fann fort ut at det ikkje berre var ungane som fekk høve til hopp og sprett... Her måtte mange vere med å bidra, både som duefangande haukar, fiskespisande haiar, trøystande fredsmeklarar og ikkje minst sterke trekkhestar. Men sjølv om aktivitetsnivået var høgt i heile den timen samlinga varer, vart det tid til litt drøs med dei vaksne som hadde møtt opp. Denne dagen var det Gunhild Grønås som var ansvarleg, men ho kunne fortelje at det var Mallin Sandanger som var primus motor for "Hopp og sprett", der Fogn IL står som arrangør. Kor lenge dei har holdt på med slike samlingar var folk litt usikre på, men det kunne virka som om det har foregått i to periodar over tre år, og så har det vore ein liten pause mellom dei to periodane. Men no er det ingen konkret plan om pause, sjølv om den kanskje største eldsjela, Mallin, ikkje har nokre ungar i den aktuelle alderen etter sommaren. Fleire verkar til å stå klare til å ta over ansvaret for det positive tiltaket, som kanskje er ekstra viktig no for tida, då data, film og TV er med og bidreg til at ungane gjerne sit meir i ro. Det var i alle fall ikkje mange sekunder ungane på "Hopp og sprett" sat i ro, då dei var opptekne med å springe rundt gymsalen, hoppe frå scena, leikeslåss med kvarandre, hoppe tau og ha eit par meir organiserte leiker mot slutten av samlinga. Og då ungane etterkvart gjekk heim, glade og slitne, var det nok fleire godt nøgde føresette som såg fram til lite motstand i prosessen med å få dei unge og håpefulle i seng denne kvelden...

"Hopp og sprett" går av stabelen kvar torsdag klokka 17.00-18.00 fram til påske. Gymsalen er stor, så her er det plass til enno fleire, anten det er fastbuande, eller folk som tek med seg ungane inn til ei langhelg på Fogn!

Under ser de ein heil del bilete frå samlinga den 6. mars: