Barneveke? Kva er det?
/Kristoffer Georg Aase skal ha andakt og opplegg på bedehuset når det no vert arrangert barneveke.
I aktivitetskalenderen vår her på Fogn.org, står det at det frå onsdag - fredag denne veka skal vere barneveke på bedehuset. Det vil vere barnemøter klokka 18.00 desse tre kveldane. Då dette ikkje er ein (av dei mange) årlege tradisjonane på Fogn, er det kanskje nokon som lurer på kva dette eigentleg er for noko? Det er gutte- og jentelaget som arrangerer denne veka, og vi sendte ein mail med nokre spørsmål til Margrete Frafjord, som er hovudansvarleg for det som skal skje.
Kvifor arrangerer de barneveke?
Målet med barneveke er at ungane på Fogn skal bli meir kjent med Jesus. Det er ein tøff verden der ute, og vi synest det er viktig at ungane blir kjent med ein Gud som elsker dei, ein dei kan komme til med alt.
Kva skjer på eit møte i ei barneveke?
På samlingane vil det bli andakt, leik, og mat. Vi får besøk av Kristoffer Georg Aase, som er barne- og familiearbeidar i NLM Region Sør-vest.
Har det vore arrangert liknande veker før på Fogn?
Det har vore barneveker på Fogn før, fleire gonger faktisk, med god oppslutning.
Kven kan kome på desse møta?
Alle er velkommen. Siden det er jente og guttelaget som arrangere dette er det lagt opp som et barnemøte. Men like så viktig at det er barn på "voksenmøter" er det viktig med voksne på barnemøter.
Vi ynskjer lukke til med barneveka!