Aktivitetstilbod for born - Fogn IL
/Idrettslaget har mange aktiviteter for born, der dei fleste av dei har hatt ein pause dei siste månadane. No går vi mot lysare tider, og aktivitetane starter opp att. Alt dette finn du sjølvsagt i kalenderen vår, men under er all informasjonen samla på ein plass.
Til info bør det nemnast at fotballtreningane er inne i gymsalen i januar og februar, og så ute i bingen frå mars av.
Tysdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 2.-3. klasse. Rasmus og Pål er trenarar
Onsdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 1. klasse. Trond Egil, Gordon og Helene er trenarar.
Onsdag - kl. 18.30-19.30: Fotballtrening 4.-6. klasse. Foreldregruppe v/ Kristoffer er ansvarlege.
Torsdag - kl. 17.00-18.00: Hopp og sprett for 0-7 åringane i følge med vaksne. Mallin er ansvarleg.
Fredag - kl. 17.30-18.30: Friidrett 5.-7. klasse. Helge er ansvarleg.
Laurdag - kl. 12.15-12.45: Barnezumba t.o.m. 7. klasse. Monika er ansvarleg.