Korleis gjekk det eigentleg?
/For nøyaktig eit år sidan, på nyttårsafta 2012, publiserte vi nyttårsforsetta til fire staute karar frå Fogn. Artikkelen vart den gong avslutta med setninga: "Så får vi heller køyre ei lita sak på korleis det gjekk når 2013 er på hell". Året er så definitivt på hell, og vi har vore i kontakt med deltakarane, og høyrt korleis det gjekk med forsetta deira.
Namn: Ottar Sandanger
Nyttårsforsett: Eg vil få uttrykt endå klårare kor takksam eg er for å få bu i dette gode landet vårt.
Slik gjekk det: Kunne nok vore flinkare til å minna meg sjøl og andre om at me som lever og bur i Norge når for tida er særs heldig stilt. Me nærast "vassar i luksus" frå morgon til kveld - dag etter dag. Økonomisk og materielt har neppe noko "folkeslag" hatt det gunstigare.
2013 var valår - hadde nok det i tankane då eg sa det eg gjorde ved inngongen til året. Demokratiet fungerte, valet var gjennomført på framifrå vis og ny regjering innsett - alt dette utan at det vart løyst skot i gatene. Det er ikkje sjølvsagt under alle regimer, heller ikkje mellom dei som reknar seg som demokratiske. I året som nå kjem skal me feira at Grunnlova vår er vorten 200 år, 1814-2014. La 2014 verta ei hylding til demokratiet - for ikkje å seia sosialdemokratiet.
Namn: Eirik Runestad
Nyttårsforsett: Eg ska læra å dansa swing!
Slik gjekk det: Eg og Ivar fant et kurs, men så blei alt utsatt heilt til me gløymte det ut...
Namn: Ivar Opsal
Nyttårsforsett: Eg ska vinna Tour de Fogn!
Slik gjekk det: Ivar gjorde det historisk dårlig i Tour de Fogn, og endte til slutt på ein 5. plass. Når han får spørsmål om korleis det gjekk med nyttårsforsettet svarar han kort og godt: "Eg trur det må vera ein feil, eg vant jo fognamilå"!
Namn: Pål Rune Grønås
Nyttårsforsett: Trene mer, spise mindre, bruke mer og bedre tid med barna, jobbe mindre, mindre internettsurfing og mindre TV.
Slik gjekk det: Det gikk i dass, sånn som det alltid gjør!