Fyrverkeri klokka 19

Det er nyttårsaften, og mange ser fram til å sjå at himmelen vert lyst opp av fyrverkeri! På Fogn er det ikkje tradisjon for offentleg oppskyting av slikt, men i år er det drege igong eit privat initiativ med tanke på dei yngste. Trond Egil Sivertsen vil senda opp litt fyrverkeri frå fotballbanen klokka 19.00 ikveld, slik at dei som ikkje er oppe heilt til midnatt òg får med seg litt. Det er sjølvsagt lov å stille med eige fyrverkeri, og sende det opp frå fotballbanen. 

Det som derimot IKKJE er lov, er å senda opp fyrverkeri frå fotballbingen. Dette kan i så fall gå stygt utover dekket i bingen, noko som er svært dyrt å reparera.

Vi ynskjer alle ei god, og sikker feiring av det nye året!