Rapport frå Romjulscupen 2013

Vinnarlaget med det kreative namnet "Fogn" bestod av: Anne Martha Straumstein, Kristel Borgemyr, Mallin S. Iversen, Øyvind Sandanger, Helge Magnar Iversen, Gordon Sunde og Håvard Østhus

Vinnarlaget med det kreative namnet "Fogn" bestod av: Anne Martha Straumstein, Kristel Borgemyr, Mallin S. Iversen, Øyvind Sandanger, Helge Magnar Iversen, Gordon Sunde og Håvard Østhus

Romjulscupen i volleyball gjekk av stabelen søndag 29, desember på Fogn oppvekstsenter. Omlag 80 personar møtte opp for å anten spela sjølv, eller vera tilskodarar. Dei seks påmelde laga gjekk først igjennom gruppespelet, der dei to beste laga i kvar gruppe gjekk vidare til dei semifinalane. Den første semifinalen vart spelt mellom laga "Fogn" og "Chickenwing", og det var Fogn som trakk det lengste strået og sikra seg finaleplass. I kveldens andre semifinale var det "Fognafox" som slo "Team Østhus", og sikra seg den siste finaleplassen. "Team Østhus" vann forøvrig bronsekampen, og kunne gå nokså nøgde heim.

Finalen starta særs jamnt, og "Fognafox" vann det første settet 25-22. Deretter slo "Fogn" tilbake og vann det andre settet 25-21, noko som gjorde at alt skulle avgjerast i tredje og siste sett. Dette settet vart aldri skikkeleg spanande, og Gordon Sunde kunne til slutt nytte hælen til å prikke inn matchballen for "Fogn", som dermed vart det første laget som vann den "splitter nye" vandrepokalen for cupen. At det sto "3. plass - Fogn IL 25 år"  på pokalen, som elles var pynta av fotballspelarar, såg ikkje ut til å settje nokon dempar på feiringa!

Vi gratulerer laget "Fogn" med sigeren, og Fogn IL med nok eit godt gjennomført arrangement i 2013!

Bilete frå cupen ser de i serien under: