Lokal Ryfylkepuls!

Else Marie Grødem er blant fognbuane som blir intervjua av Maria Flesjå Sivertsen i denne utgåva av Ryfylkepuls.

Folk i Ryfylke har det betre enn dei fleste! Det har faktisk forskarar funne ut! Og no har Ryfylkealliansen sitt videokonsept, Ryfylkepuls, snakka med folk som bekreftar at forskarane har rett. Og for å finna ut dette, tok dei sjølvsagt turen til Fogn!

Les meir og sjå heile programmet her!

Sjå EM-sluttspelet saman med andre på Fogn!

Europameisterskapet i fotball er godt i gang, og no står sluttspelkampane for tur. Det er med andre ord duka for “vinn eller forsvinn”, straffekonkurransar og mykje dramatikk! Dette kan bli enno kjekkare om fleire ser kampar saman, noko Ole Johan Sandanger no vil gjera mogleg!

Ole Johan vil nemleg vera vertskap når resten av EM-kampane blir vist på storskjermen i kyrkjekjellaren på Fogn, og ynskjer altså velkommen på desse tidspunkta:

1/8 - finalar
Laurdag 29. juni kl. 18 og 21
Søndag 30. juni kl. 18 og 21
Mandag 1. juli kl. 18 og 21
Tysdag 2. juli kl. 18 og 21

Kvartfinalar
Fredag 5. juli kl. 18 og 21
Laurdag 6. juli kl. 18 og 21

Semifinalar
Tysdag 9. juli kl. 21
Onsdag 10. juli kl. 21

Finale
Søndag 14. juli kl. 21

Det vil bli servert kaffi og evt. snacks enkelte kveldar.
Velkommen til felles fotballspenning og ekte glede!

To turstidugnadar i veke 26

Sjølv om sommaren er her, vert det arrangert dugnadar på både den nye steintrappa opp frå kaien, og ein meir “generell” turstidugnad denne veka!

Måndag 24. juni kl. 17.00-20.00
Dugnad på steintrappa opp frå kaien. Trappa tel i skrivande stund 31 trinn, men ein har altså håp om å få på plass nokre fleire før ferien. Møt opp på kaien, og ha gjerne med spade, krafse og/eller spett.

Onsdag 26. juni kl. 10.00-13.00
Ein generell dugnad for å klargjera turstiane på Fogn før “sommarrushet” set inn. Ta gjerne med greinsaks e.l. reiskaper. Alle som vil bli med kan møta opp på butikken, og så fordeler ein områder ut frå kor mange som kjem for å delta.

Fogn grendalag er arrangør av begge dugnadane.