Kom og sjå serieleiarane på heimebane!
/God stemning i garderoben etter fogn sin sterke bortesiger mot Fiskå 2!
Fogn sitt A-lag i fotball har fått ein forrykande start på haustsesongen, og står med to sigrar av to moglege! Nytt av året er at serien blir “nullstilla” etter sommaren, slik at Fogn no toppar tabellen før heimekampen mot Buøy 2, laurdag 7. september kl. 15.45 på Fogn Stadion!
Det er meldt knallvèr også på laurdag, så vi anbefaler alle å ta turen for å heie fram dei mørkeblå til ein ny trepoengar!