Det skjer på Fogn i påska!

Det pleier å vere mykje folk på Fogn i påska, og som vanleg har desse mange tilbod til arrangementer dei kan bli med på. Under er ulike påskerelaterte arrangement og hendingar:

Onsdag 27. mars frå kl. 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til påskebasaren som er på laurdag.

Skjærtorsdag kl. 19.30 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med andakt av Håvard Østhus, i tillegg til at ordet blir gitt fritt.

Langfredag kl. 11.00 - Pasjonsgudsteneste i kyrkja
Lesing/framføring av bibeltekstar frå langfredag. Terje Engstrøm er prest.

Påskeafta frå kl. 09.00 og 14.00 (trekning) - Fogn IL sin påskebasar utanfor butikken
Loddsal, kaffi og kake frå klokka 09.00. Sjølve trekninga skjer frå klokka 14.00.

På påskeafta startar også sesong tre av “The FOGN Experience” i Sæbøvåg. Les meir om dette her!

1. påskedag kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Høgtidsmøte med andakt av Joar Sandanger.

1. påskedag kl. 17.30 - Gudsteneste i kyrkja
Høgtidsgudsteneste der Ola Aasland Vold er prest. Nattverd. Takkoffer til Misjonsprosjektet.

Sa klart ifrå om kutt av gratis ferje

Både fognbuen og folk frå andre øyar møtte opp i hopetal då Grendalag og Bondelag i øyane inviterte til folkemøte knytta til “ferjesaka”, der fylkespolitikarane i Rogaland har vedteke å innføre betaling på ferjene frå 1. april. Det som gjer saka ekstra “betent” er at Regjeringa har løyvd pengar til nettopp gratis ferje til ikkje-landfaste øyar, men i Rogaland har dei som styrer bestemt at pengane skal gå til andre tiltak.

Mange deltok med både innlegg og spørsmål, og det vart understreka fleire gonger at “Me gir oss aldri”! Wictor Juul leia møtet, og styrte ordskiftet mellom politikarane i panelet. Mange parti var representerte, men særleg representantane frå KrF og Høgre (som sit i fleirtalet på fylket, og har vore med og vedteke denne saka) fekk “kjørt seg” litt ekstra både av møteleiar, salen og opposisjonspolitikarane. Det vart likevel understreka at ein sette pris på at alle politikarane møtte opp, og fekk sjå og høyre kor mykje denne saka betyr for, og engasjerar oss ute på øyane.

No er det mange som set si lit til at Regjeringa anten vil øyremerke midlane til gratis ferjer (slik at dei ikkje kan nyttast til andre ting), eller at dei vil fjerne midlane frå Rogaland, dersom dei vel å bruke dei på andre tiltak, og slik i praksis vil måtte gjeninnføre gratis ferjer.

Panelet besto av f.v. Anne Kristin bruns (Krf), Guri Tysse (krf, Erlend jordal (Høgre), Frode Berge (AP), Bente Gravdal (ap), Ann sesilie tekfeldt (ap), Kari vestbø (sv) og Hanne marte vatnaland (sp). møteleiar wictor juul til høgre.


Joker Fogn med oppdatering

Pål rune grønås peika, både bokstavleg og i overført betydning, på kva som er viktig dersom det også skal vere ein butikk på Fogn i framtida.

Joker Fogn gjekk mot slutten av februar ut med informasjon om underskudd i 2023, og eit ynskje om høgare lojalitet frå kundegruppa. Dei delte også ei spørjeundersøking der folk kunne kome med tilbakemeldingar og meiningar om både utval, pris, service og anna på butikken.

Pål Rune Grønås er ein av butikkeigarane, og han var invitert til årsmøtet i Fogn Grendalag, for å seie litt om korleis ting såg ut no, nokre veker etter undersøkinga. Grønås kunne fortelje at over 160 personar hadde svart på undersøkinga, og det var mykje skryt knytta til service frå personalet og at butikken var både rein og ryddig. Fleire klaga på høge prisar, men her er det rett og slett slik at Joker Fogn har same prisar som resten av Jokerbutikkane i Noreg. Med relativt lav omsetning er det ikkje aktuelt å kunne bli t.d. Kiwi-butikk, og ein må difor ta inn meir forteneste per vare ein sel, for at det skal vere drivverdig.

Kundelojaliteten i butikken burde vore opp mot 85%, men utrekningar frå Norgesgruppen viser at denne ligg på omlag 57% på Fogn. Potensialet for forbetring er med andre ord tilstades. Eit grep for å sikre dette, kan vere å utvide opningstidene ved å innføre sjølvbetent butikk tidleg om morgonen og utover kvelden.

Det vart også litt snakk om tilbodsvarer, som Joker Fogn ofte sel med tap. Det er flott at folk kjøper desse varene, og så er håpet at dei også skal kjøpe varer til ordinær pris, når dei først er innom butikken. Grønås understreka også at det er flott når folk kjøper varer som er nedsett i pris pga utløpsdato, då butikken slepp å kasta varene, og får heller inn nokre kroner her.

Til slutt takka Grønås hjerteleg for engasjement og tilbakemeldingar, både positive og negative. Butikken er supermotivert til å “snu skuta”, og har alt merka auka bevisstheit blant kundane og at handelen har teke seg opp etter undersøkinga.

Det finnest ulike appar som kan nyttast når ein skal handla på Joker Fogn:

Joker Handleapp - Trumfkort, Trumfsaldo, kupongar, tilbod mm, alt i ein app!

Throw No More - Oversikt over varer som er nedprisa sidan dei er i ferd med å gå ut på dato. Varebeholdninga blir oppdatert etterkvart som varene blir solgt, så her har du god oversikt!

Too Good To Go - Moglegheit til å gjere eit skikkeleg kupp mot slutten av dagen, ved å kjøpe ein overaskelsespose med ulike varer som ikkje bør liggja for lenge i butikken, t.d. bakevarer eller frukt og grønt.

Stort engasjement og leiarskifte

I overkant av 30 engasjerte medlemmer møtte opp til Fogn Grendalag sitt årsmøte. På sakskartet sto vanlege årsmøtesaker, der særleg dei ulike temasakene mot slutten av møtet fekk medlemmane i tale. Det var også val av nytt styre, der Wictor Juul vart valgt til leiar, og overtek med det etter Ole Klingsheim som gir seg etter fleire år i “sjefsstolen”.

Heile referatet frå møtet kan ein lese ved å klikke her. Ein kan også lese årsmelding og rekneskap.

Wictor juul, som var den første grendalagsleiaren på fogn, er no tilbake “ved roret”

Jon Olav runestad takka av Ole klingsheim som avtroppande grendalagsleiar.