Joker Fogn med oppdatering

Pål rune grønås peika, både bokstavleg og i overført betydning, på kva som er viktig dersom det også skal vere ein butikk på Fogn i framtida.

Joker Fogn gjekk mot slutten av februar ut med informasjon om underskudd i 2023, og eit ynskje om høgare lojalitet frå kundegruppa. Dei delte også ei spørjeundersøking der folk kunne kome med tilbakemeldingar og meiningar om både utval, pris, service og anna på butikken.

Pål Rune Grønås er ein av butikkeigarane, og han var invitert til årsmøtet i Fogn Grendalag, for å seie litt om korleis ting såg ut no, nokre veker etter undersøkinga. Grønås kunne fortelje at over 160 personar hadde svart på undersøkinga, og det var mykje skryt knytta til service frå personalet og at butikken var både rein og ryddig. Fleire klaga på høge prisar, men her er det rett og slett slik at Joker Fogn har same prisar som resten av Jokerbutikkane i Noreg. Med relativt lav omsetning er det ikkje aktuelt å kunne bli t.d. Kiwi-butikk, og ein må difor ta inn meir forteneste per vare ein sel, for at det skal vere drivverdig.

Kundelojaliteten i butikken burde vore opp mot 85%, men utrekningar frå Norgesgruppen viser at denne ligg på omlag 57% på Fogn. Potensialet for forbetring er med andre ord tilstades. Eit grep for å sikre dette, kan vere å utvide opningstidene ved å innføre sjølvbetent butikk tidleg om morgonen og utover kvelden.

Det vart også litt snakk om tilbodsvarer, som Joker Fogn ofte sel med tap. Det er flott at folk kjøper desse varene, og så er håpet at dei også skal kjøpe varer til ordinær pris, når dei først er innom butikken. Grønås understreka også at det er flott når folk kjøper varer som er nedsett i pris pga utløpsdato, då butikken slepp å kasta varene, og får heller inn nokre kroner her.

Til slutt takka Grønås hjerteleg for engasjement og tilbakemeldingar, både positive og negative. Butikken er supermotivert til å “snu skuta”, og har alt merka auka bevisstheit blant kundane og at handelen har teke seg opp etter undersøkinga.

Det finnest ulike appar som kan nyttast når ein skal handla på Joker Fogn:

Joker Handleapp - Trumfkort, Trumfsaldo, kupongar, tilbod mm, alt i ein app!

Throw No More - Oversikt over varer som er nedprisa sidan dei er i ferd med å gå ut på dato. Varebeholdninga blir oppdatert etterkvart som varene blir solgt, så her har du god oversikt!

Too Good To Go - Moglegheit til å gjere eit skikkeleg kupp mot slutten av dagen, ved å kjøpe ein overaskelsespose med ulike varer som ikkje bør liggja for lenge i butikken, t.d. bakevarer eller frukt og grønt.