Klart for Fognamarsjen 2018

Søndag 19. august ynskjer Fogn IL velkommen til den 30. Fognamarsjen.

Start frå Fogn Oppvekstsenter, mellom kl. 15.00-17.00. Marsjen går rundt øya, om lag 10 km.

Startkontingent: 100 kr pr deltaker. Max 300 kr pr familie.

Det vert høve til kjøp av brus/sjokolade ved Selvåg.  

Ved å klikke her kan du sjå oppdatert deltakerliste. Premiering kvar 5. gong ein fullfører marsjen.

Oppmodar spesielt dei som deltok på dei første marsjane, og som med åra har dabba av, om å møta opp søndag den 19. august og ta opp att ein god tradisjon. 
 

Premiering: 

1. gong: Bronse-medalje

5. gong: Sølv-medalje

10. gong: Gull-medalje

15. gong: Elite-staup

20. gong: Enda eit staup

25. gong: Kakespade

 

Fogn IL ynskjer alle velkommen!

Skjermbilde+2017-08-13+kl.+18.07.35.png

Dei fyrste kundane får fiber i morgon!

Tirsdag 7/8 vil første kunde få fiber i kontakten sin i huset. Dei heldige er Heidi og Morten. Det vil bli ein enkel markering der med Øyposten og involverte frå prosjektet.

Frå 15.00 til 16.00 blir det kaffi og kake på butikken. Der er det og mulighet for å stille spørsmål om framdrift/oppkobling der du bur.

Det blir fortløpande oppkoblingar der som det er klart, så fleire vil få fiber i kontakten frammøve nå.

...

Øyvind Sandanger

Tour of Norway for kids vart suksess!

9. juli gjekk landets største sykkelritt for born av stabelen, på den lille øya Fogn, i Ryfylke. Omlag 300 born og vaksne frå både Stavanger, Finnøy, Halsnøy og Hjelmeland hadde tatt turen for å delta på sykkelfesten. Tidligare på dagen, hadde mange frivillige frå Fogn IL rigga reklame, målseil, og scene saman med leiarane av rittet. Alle born mellom 0-13 år, vart delt inn i tre ulike aldersklassar. Ungane sykla eit par rundar i ei 400 meters løype, som var pynta med norske flagg, bannere og mykje publikum langs løypa. Rytterne sykla på fotballbanen, i skulegarden, og på vegen. I målområdet venta ein gymbag, med drikkeflaske, solbriller og anna diverse sykkelutstyr til alle som deltok. Her var alle vinnarar, same premie til fyrste- og sistemann. Det var kiosksal, musikk, speaker og god stemning. Det vart lodda ut tre sykkelskjorter og ein sykkel.

 

Under kan du sjå bilete frå rittet:

Klikk her for å sjå video

Foto og video: Kristian Iversen

I morgon er det klart for Tour of Norway for kids!

I morgon er det klart for Tour of Norway for kids, her kjem viktig informasjon frå rittleiar:

Hovedveien ved skulen blir heilt stengt fra kl 16-18. Vi oppfordrer alle til å komme å heie på barna som sykler! Ta med flagg, sauebjeller og supportereffekter. Parkering er det på bedehuset, pakkeriet og eldresenteret, men oppfordrer folk til å gå eller sykle så langt det går!

Mvh Fogn IL og Joker Fogn