Rapportar frå Tour de Fogn 2018

Helga 22.-24. juni går Tour de Fogn 2018 av stabelen. Vi oppdaterer heile helga gjennom!

For oppdaterte resultat kan du klikke her.

 

Sundag 24.juni - Klatreetappe

Foto Kristian Iversen

Foto Kristian Iversen

Det var knytt stor spenning til den siste dagen i Tour de Fogn. Det var kamp om både sigeren og tredjeplassen i samandraget. Og kven kom til å vinne etappen? Per Steinsland var tilbake etter at han ikkje dukka opp på laurdag. 

Startskotet gjekk og tetgruppa var stor, fram til Ivar Opsal satte inn eit rykk like etter Gunhild Sandanger sitt lausdriftfjos. Han fekk omlag 50 meter, før gruppa (ei redusert gruppe) tok han igjen i Sæbøkrossen.

Opp mot Høgaste sykla Jakob, Per og Ørjan med jamn og høg fart. Ryttarane datt av, ein etter ein. 

Om Jakob skulle vinne samanlagt måtte han slå Ørjan med 29 sekund. Men trass høg fart på siste runden, var fortsatt Jakob, Per og Ørjan åleine i tetgruppa. I spurtduellen mellom Per og Ørjan, vann Per med nokre centimeter.

Blant damene vann Tora enda fleire sekund på Janne. Tora vann dermed Touren samanlagt.

Njål Hetlelid, snart 70 år, vann alle etappane og touren samanlagt, i klassen 60+. Imponerande!

Under kan du sjå nokre bilete frå etappen:

 

Lørdag 23.juni - Landeveisritt

DSC_0891.JPG

20 syklistar var klar for landeveisrittet, to rundar rundt Fogn. Starten var særs roleg. Ingen var særleg dravillig. Etter ein runde passerte hovudfeltet på i underkant av 20 minutter. Ørjan rykka like før toppen av kyrkjebakken, han fekk med seg Jakob. Dei hadde i følgje dei sjølv, eit godt samarbeid. Det endte med spurtoppgjer, dette vann Ørjan Klev Ladstein.

I samendraget er det 28 sekund som skiljer Ørjan og Jakob.

Like bak kom Ivar Opsal, Paul Østebø og Helge Magnar Iversen spurtande om tredjeplassen. Desse tre kjempar også om tredjeplassen samanlagt. 

Blant damene tok Tora Sandanger den gule trøya frå Janne Aano Bø. Tora slo Janne med 63 sekund. 

Njål Hetlelid syklar og i den gule trøya på søndagen.

Etter premieutdelinga, var det tid for barneritt! Tre ulike aldersklassar sykla tre ulike distansar, og god deltaking. 

Du kan sjå bilete ved å klikke her

Fredag 22.juni - Prolog

17 syklistar stod klar på startstreken i den 9. utgåva av Tour de Fogn. Ein kald nordavind møtte syklistane på veg tilbake mot mål, god medvind ut til vending. Forholda var difor ikkje heilt optimale for raske tider.

Den beste tida fekk Arne Torgersen, på 5.33. Riktig nok med EL-sykkel.

Morten Sangedal vart beste Fognbu med tida 6.34. Dei to beste vart Finnøybuar. På andreplass, Per Steinsland med tida 6.24. Ørjan Klev Ladstein vann etappen med same tida han vann på i fjor, 6.15. 

I dameklassen var det to deltakarar på startstreken. Janne Aano Bø og Tora Sandanger. Det vart meget jamnt. Det skilde berre seks sekund. Denne gongen var det Janne som var sterkast.

I klassen for dei over 60 år, vann Njål Hetlelid foran Egil Sæverud. 

Resultatlista kan du sjå ved å klikke her.

Under kan du sjå litt bilder:

Gjer Fotball VM enno meir spanande!

Russland 2018.jpg

Fotball VM er stor stas for dei aller fleste som liker fotball, men kampar som Panama - Tunisia og Australia - Peru er kanskje ikkje så ekstremt spanande, i utgangspunktet. Dette kan ein likevel gjere noko med, ved å vere med på ein tippekonkurranse, som gjer alle kampane interessante, og du som les dette er herved invitert med i ein slik konkurranse!

VG har nemlig laga eit konsept som dei kallar "VM-profeten", der ein skal tippa utfallet av alle kampane i VM. Ein kan endra tipset sitt heilt opp til kampstart, og det finnest ein eigen "profetknapp", som gjer at du får eit komplett tippeforslag, berre ved å trykka på ein knapp. Så kan du heller endra etterkvart. På denne måten er det ikkje VELDIG MYKJE arbeid i forkant, noko som gjerne hindrar mange i å delta i slike konkurransar.

Klikk HER for å bli med i ligaen "Fogn" på VG sin "VM-profet"!

NB! Eit lite ekstratips, for å ha god oversikt over kampane, kan vere å få alle kampar direkte inn i kalenderen på mobilen. Klikk HER for å fikse dette til din mobil.

Bli med på Tour de Fogn 2018!

Tour de Fogn - logo.jpg

Helga 22.-24. juni går sykkelrittet Tour de Fogn av stabelen for 8. gong!

Tour de Fogn er rittet for alle, anten du aldri har vore med i eit sykkelritt før, eller om du er ein erfaren syklist med konkurranseerfaring! Her er det eigen dame- og herreklasse, i tillegg til seniorklasse for dei over 60 år. Dersom nokon ynskjer å sykle med el-sykkel, er det også lov, sjølv om dei då berre konkurrerer om heider og ære:) Det er også lov å vere med og sykle, sjølv om ein ikkje kan vere med alle dagane!

Det er ikkje lov med racersykkel eller annan sykkel med bukkestyre. Hjelm er også påbudt. Det kostar 100 kr i startavgift, og ein syklar på eigen risiko.

Her er ein inspirasjonsvideo som Kristian Sandanger Iversen laga i forkant av Tour de Fogn 2017:

Rittet går over tre dagar, og fordeler seg slik:

Fredag 22. juni kl. 18.30: Prolog
Start og mål ved pakkeriet.
Alle syklar dei ca. 4 kilometerane åleine, og startar med eit minutts mellomrom.

Laurdag 23. juni kl. 14.30: Landeveisritt
Start og mål ved Fogn oppvekstsenter.
Fellesstart der ein syklar to rundar rundt Fogn.

Etter at alle er i mål, vert det eit eige barneritt for alle som vil vere med på dette!

Søndag 24. juni kl. 12.30: Klatreetappe
Start ved oppvekstsenteret, mål ved kyrkja
Fellestart der ein syklar frå oppvekstsenteret og nordover langs vegen rundt Fogn. Ved Runastad svinger syklistane til venstre og syklar over høgaste, før dei trillar ned til kyrkja, og avsluttar med ein siste runde rundt Fogn.

Påmelding skjer i skjemaet under: