Tour of Norway for kids vart suksess!
/9. juli gjekk landets største sykkelritt for born av stabelen, på den lille øya Fogn, i Ryfylke. Omlag 300 born og vaksne frå både Stavanger, Finnøy, Halsnøy og Hjelmeland hadde tatt turen for å delta på sykkelfesten. Tidligare på dagen, hadde mange frivillige frå Fogn IL rigga reklame, målseil, og scene saman med leiarane av rittet. Alle born mellom 0-13 år, vart delt inn i tre ulike aldersklassar. Ungane sykla eit par rundar i ei 400 meters løype, som var pynta med norske flagg, bannere og mykje publikum langs løypa. Rytterne sykla på fotballbanen, i skulegarden, og på vegen. I målområdet venta ein gymbag, med drikkeflaske, solbriller og anna diverse sykkelutstyr til alle som deltok. Her var alle vinnarar, same premie til fyrste- og sistemann. Det var kiosksal, musikk, speaker og god stemning. Det vart lodda ut tre sykkelskjorter og ein sykkel.
Under kan du sjå bilete frå rittet:
Foto og video: Kristian Iversen