Leik i snøen på søndag

Melding: Kommende søndag, altså 21. januar, blir det mulighet for snøleik i Opsalbakkene (Øystein/Tor Gunnar) fra klokka 13.00. Det blir mulighet for grilling på bålpanne. Ivar på Joker’n stiller med en liten godbit til kaffen. 

Det er meldt sol og silkeføre, så det er bare å kle på seg og ta turen til Opsalbakkene på søndag. 

Arrangør: Fogn IL og Fogn Helselag

DSC_0508.JPG

 

 

Påskestemning i januar!

IMG_1152.JPG

Etter å ha lese om snøkaos og glatte vegar i store deler av landet fleire dagar på rad, kom det endeleg eit kvitt lag til Fogn også! Onsdag 17. januar vakna vi opp til 5-10 cm snø, alt etter om ein bur høgt eller lågt på øya...

På oppvekstsenteret har både barnehagebarn og skuleelevar kost seg i snøen, og då dei eldste elevane fekk renne i bakkane utanfor bedehuset i siste time, kom til og med sola på besøk! Aktivitetsnivået var stort, både på akebrett, rumpebrett, snowboard, ski, og små "skihopparar" av plast og metall, som elevane leika med. 

Dette var eit opplegg i den såkalla "Trimtimen", som er kome inn i skuledagen som eit bidrag til å gjere elevane i den norske grunnskulen meir fysisk aktive. Og fysisk aktive var dei i aller største grad i denne timen, berre sjå på bileta under!

Møte om fiber - tysdag 6. februar

Lyse.jpg

Som vi har skrive om før, så er Lyse i ferd med å bygga ut fiberlinje på Fogn. Dette vil gi oss eit mykje betre internett, tilpassa den digitale kvardagen som etterkvart byrjar å prege oss alle. 

Lyse vil ha informasjonsmøte om fiberutbygginga i foajeen på Fogn oppvekstsenter, tysdag 6. februar klokka 18.30. På møtet legg dei også opp til å skrive avtalar med dei ulike husstandane.

Det vert servert kaffi med "noko attåt". 

Her er det viktig å stilla opp!

NB! Det vert lagt opp til eit eige møte for dei som har hytte på Fogn, ein gong etter vinterferien. Meir informasjon om dette møtet, som vil bli gjennomført i Stavangertraktene, kjem etterkvart.

Nye ferjeruter

Tekst: Øyvind Sandanger

Gledelige nyheter frå 1. januar 2018 på ferjefronten for alle som bruker ferje til og frå Fogn.
Me har fått ein ny avgang kl 05.45 frå Judaberg til Fogn (mandag tom fredag) og 08.00 frå Judaberg til fogn på søndag. 
Det er og mulighet for å reise ifrå Fogn til Judaberg kl 00.25 mandag tom fredag, lørdag kl 00.40 og søndag kl 00.35 . Dette er bestillingsturar som må bestillas ved å ringa ombord i ferjå.

Klikk her for å se rutene

6065189854_845e8529d9_b.jpg