Påskestemning i januar!

IMG_1152.JPG

Etter å ha lese om snøkaos og glatte vegar i store deler av landet fleire dagar på rad, kom det endeleg eit kvitt lag til Fogn også! Onsdag 17. januar vakna vi opp til 5-10 cm snø, alt etter om ein bur høgt eller lågt på øya...

På oppvekstsenteret har både barnehagebarn og skuleelevar kost seg i snøen, og då dei eldste elevane fekk renne i bakkane utanfor bedehuset i siste time, kom til og med sola på besøk! Aktivitetsnivået var stort, både på akebrett, rumpebrett, snowboard, ski, og små "skihopparar" av plast og metall, som elevane leika med. 

Dette var eit opplegg i den såkalla "Trimtimen", som er kome inn i skuledagen som eit bidrag til å gjere elevane i den norske grunnskulen meir fysisk aktive. Og fysisk aktive var dei i aller største grad i denne timen, berre sjå på bileta under!