Møte om fiber - tysdag 6. februar

Lyse.jpg

Som vi har skrive om før, så er Lyse i ferd med å bygga ut fiberlinje på Fogn. Dette vil gi oss eit mykje betre internett, tilpassa den digitale kvardagen som etterkvart byrjar å prege oss alle. 

Lyse vil ha informasjonsmøte om fiberutbygginga i foajeen på Fogn oppvekstsenter, tysdag 6. februar klokka 18.30. På møtet legg dei også opp til å skrive avtalar med dei ulike husstandane.

Det vert servert kaffi med "noko attåt". 

Her er det viktig å stilla opp!

NB! Det vert lagt opp til eit eige møte for dei som har hytte på Fogn, ein gong etter vinterferien. Meir informasjon om dette møtet, som vil bli gjennomført i Stavangertraktene, kjem etterkvart.