Endring i båtrutene frå og med måndag 14. august
/Foto: Rune nedrebø
Kolumbus melder om at dei gjer små endringar i rutetilbodet for ferjer og hurtigbåtar i Ryfylkebassenget. Slik det ser ut no vil det bli små endringar for oss på Fogn, men det er verdt å merke seg at ferja som på kvardagar før gjekk klokka 09.50 frå Judaberg til Fogn, no vil gå fem minutter tidlegare, altså klokka 09.45. Turen frå Fogn til Judbaberg vil då gå klokka 10.00, mot klokka 10.05 i dag. Neste ferje både til og frå Fogn går også 5 minutter tidlegare, nemleg 11.50 til Fogn og 12.05 frå Fogn.
Elles har det også kome reaksjonar på at ferja som går frå Judaberg klokka 22.50 på søndagane, no vil gå klokka 23.15. Dette passar dårleg for dei frå Fogn som har vore på kveldsvakt innan helse- og omsorgstilbodet på Finnøy. Kommunikasjonsgruppa i Fogn grendalag er på denne saka.
Det sikraste, for å ikkje ta feil av rutene framover, er å nytte Kolumbus sin ruteplanleggar, som til ei kvar tid skal vere oppdatert med dei rette båtrutene.