Snart klart for Fognamarsj igjen!
/Det stundar mot Fognamarsj. Sundag 20. august går marsjen av stabelen for 35. gong, med start mellom klokka 15.00 og 16.00 frå Fogn Oppvekstsenter.
I fjor var det rekordlåg deltaking med berre 25 som gjennomførte marsjen, og “marsjgeneral” Ottar Sandanger håper på langt fleire til 35-årsmarkeringa.
Om ein tek ein avstikkar til Ørnareiret blir det godkjent, berre ein går den ordinære løypa rundt øya.
Startkontingent er 100 kr per deltakar, maks 300 kr per familie.
Her kan du sjå kor mange gonger både du og alle andre har gått marsjen tidlegare.