NB! Frisbeegolfdagen blir laurdag 11. juni frå kl. 16!
/Josef Bø puttar, med storebror Jørgen som tilskodar.
I anledning at Fogn IL er 50 år i 2022, vert det arrangert ulike “temadagar” i jubileumsåret. Ein av desse går av stabelen laurdag 11. juni (NB! Ny dato grunna dårlege vèrmeldingar på søndag), då det er klart for frisbeegolfdag frå kl. 16.00 på Fogn Frisbeegolf - Utsikten! Noko av det som skjer denne dagen:
Spel ein runde eller to på frisbeegolfbanen. Idrettslaget stiller med både frisbee-ar og instruktørar som kan hjelpa dei som evt. ikkje har prøvd sporten før.
Turnering (påmeldingsfrist kl. 16.30) med eigen klasse for born (opp til og med barneskulen) og vaksne (8. klasse og oppover) med finalespel etter at alle har gått ein innleiande runde.
Puttekonkurranse - best av fem forsøk.
Fogn IL stiller med varme grillar, ta med grillmat og drikke sjølv.
Gratis kake
Alle er velkomne, anten ein er heilt ny på frisbeegolf, eller om ein byrjar å bli både erfaren og rutinert!
Fleire ungdomar (dette er eit utval) frå Fogn stiller opp som “instruktørar” og gir hjelp til dei som treng det!